Limburg i Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provincie Limburg
Provinsen Limburg
NL-LimburgVlag.svg Våpenet til Provincie Limburg
Flagg Våpen
Plasseringa til Provincie Limburg
Hovudstad Maastricht
Dronninga sin kommissær Leon Frissen
Religion (1999) protestant 3%
romersk-katolsk 80%
Areal
 • Land
 • Vatn
 
2 153 km² (9.)
56 km²
Folketal (2006)
 • Totalt
 • Folketettleik

1 131 938 (6.)
526/km² (4.)
Hymne «In 't Bronsgroen Eikenhout»
Offisiell nettstad www.limburg.nl

Limburg er ein provins i Nederland og ligg heilt sør i landet. Han grensar til Belgia i sør og delvis i vest, Tyskland i aust og dei nederlandske provinsane Noord-Brabant i vest og Gelderland i nord. Administrasjonssenteret er Maastricht.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Limburg har eit namn som kjem frå festningsbyen Limbourg, som ligg ved elva Vesdre i Ardennane, som i dag er i den belgiske provinsen Liège. Byen var i mellomalderen sete for hertugdømet Limburg, som strekte seg inn i Maas regionen nord for byen Liège. Området som i dag utgjer den nederlandske Limburg var derimot ikkje ein del av denne eininga, men var delt mellom fleire statar, inkludert hertugdømet Brabant, hertugdømet Jülich, hertugdømet Geldern og bispedømet Liège, i tillegg til hertugdømet Limburg. Eit resultat av denne delinga er framleis synleg i dag i form av alle dialektane som vert tala i dei forskjellige kommunane.

I mange hundreår skifta Limburg stadige eigarar på grunn av den strategiske plasseringa. Romarriket, Spania, Preussen, Habsburgmonarkiet og Frankrike har alle styrt Limburg. I 1673 gav Ludvig XIV av Frankrike personleg styrkane sine ordre om å omleire Maastricht. Under omleiringa forsvann ein av brigadegeneralane hans, grev Charles d'Artagnan og han vart sein are ein stor karakter i Dei tre musketerane av Alexandre Dumas den eldre (1802–1870). Limburg var òg åstad for mange slag under åttiårskrigen (1568–1648) der Dei sameinte Nederlanda til slutt dreiv ut spanjolane. Dei fleste innbyggjarane i Limburg støtta spanjolane sidan dei var katolikkar.

Etter napoleonskrigane vart Det sameinte kongedømet Nederland oppretta i 1815. Det vart oppretta ein ny provins kalla Maastricht, etter administrasjonssenteret. Den første kongen, Vilhelm I ønska ikkje at namnet Limburg skulle forsvinne og insisterte på å endre namnet på provinsen til dette.

Då belgiarane reiv seg laus frå kongedømet etter den belgiske revolusjonen i 1830 var provinsen Limburg først nesten heilt under belgisk styre. Etter Londontraktaten i 1839 vart provinsen delt i to og den austlege delen gjekk til Nederland, medan den vestlege delen gjekk til Belgia, ei inndeling som framleis eksisterer i dag.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei sørlege områda av provinsen skil seg ein god del ut frå resten av landet og er ein av dei få regionane som har åsar. Det høgaste punktet i Nederland, Vaalserberg, ligg på grensa mellom Nederland, Belgia og Tyskland. Den viktigaste elva er Maas, som renn gjennom heile provinsen frå nord til sør. Overflata i Limburg er stort sett forma av avleiringar frå Maas og består av elveleie, frodig leirjord og store avleiringa av grus. I nordlege område, lenger borte frå elveleia, der jordsmonnet består av sand og torv. Store byar i provinsen er hovudstaden Maastricht i sør, og storbyområda Sittard-Geleen og Heerlen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]