Limerickvers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein limerick, etter den irske byen Limerick, er eit kort skjemtevers på fem linjer med enderim på forma AABBA. Verset har som regel eit stadnamn som avslutning på opningslinja, og gjerne eit humoristisk, overraskande poeng i sistelinja.

Form[endre | endre wikiteksten]

Ein limerick skal vere på fem linjer. I førstelinja introduserast ein person som vert knytt til eit stadnamn. Første og andre linja har tre verseføter. Tredje og fjerde linje er kortare med to verseføter, og dei deler enderim. Ein god limerick har gjerne veksling mellom «kvinnelege» og «mannlege» rim. Det vil seie at om A-rimet har trykklett ending, som i ein troké, bør B-rimet ende på ei staving med trykk, som i ein jambe. Om stadnamnet, A-rimet, ender trykktungt, vert det motsett.

I 2., 3. og 4. linja vert det bygd opp ei forventing som løysest ut med eit overraskande sluttpoeng i femte linja. Denne har tre verseføter og rimer på dei to første. Sluttpoenget kan spelle på aktuelle hendingar, fin eller grov humor.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Bruken av namnet limerick på diktforma er dokumentert først i England i 1898 (New English Dictionary) og i Amerika i 1902.[1] Samanhengen med den irske byen Limerick er uklar, men ein tradisjon fortel at improviserte vers av denne typen blei framførte i sosiale lag der ein også song «Will you come up to Limerick?».[2]

And let me the canakin clink, clink;
And let me the canakin clink:
A soldier's a man;
A life's but a span;
Why then let a soldier drink.

William Shakespeare
Drikkevise i Othello, akt 2, scene 3.

Korte skjemtevers har vore i bruk på engelsk i fleire hundre år. Ein finn mellom anna vers med limerickform i Shakespeare -stykke frå 1600-talet, og i barnerim, som «Hickory Dickory Dock», trykka frå 1700-talet. På 1800-talet gjorde Edward Lear forma med eit stadnamn i slutten av førstelinja utbreidd, særleg gjennom A Book of Nonsense («ei tullebok») frå 1846, som nettopp inneheldt skjemtevers med vill humor. I Lear sine vers kom som regel førstelinja opp att i sistelinja.

Kjende forfattarar som Tennyson, Kipling, Dante Gabriel Rossetti og Robert Louis Stevenson brukte forma. Seinare forfattarar som W.H. Auden, Gavin Ewart og særleg amerikanske Ogden Nash og Morris Bishop utvikla forma med eit nytt rim og ein overraskande vri eller ironisk vending i sistelinja.[3]

Limerickdikting er augneblinkshumor, og limerickdikting kan bli bruka i tevlingar eller kappleikar. På midten av 1800-talet og først på 1900-talet heldt britiske tidsskrift og aviser limerickkonkurransar. I Noreg er limerick-tradisjonen fremja av NRK. På 1950- og særleg på 1960-talet vart limerick-konkurransar faste innslag i forskjellige program. Særleg populære vart konkurransane i Søndagsposten som forfattaren André Bjerke stod i bresjen for. Bjerke redigerte i 1958 samlinga En midjesmal frue fra Grue, med 50 av dei beste limerickane frå konkurransane i radioen.[4]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av Edward Lear

Eit døme på skjemteversa til Edward Lear i boka A book of nonsense er følgjande:

There was an Old Man of Cape Horn,
Who wished he had never been born;
So he sat on a Chair
till he died of despair,
That dolorous Man of Cape Horn.[5]


Og vidare eit døme frå vår norske samtid:

Ein limerick-diktar frå Slettet
skreiv slik at folk lo seg frå vettet.
Dei spurde han då:
Kor tek du det frå?
- Eg finn no det meste på nettet!

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Loomis, C. Grant (1963) Western Folklore, Vol. 22, No. 3 (Jul., 1963), pp. 153-157
  2. "limerick", The Concise Oxford Dictionary of English Etymology. Ed. T. F. Hoad. Oxford University Press, 1996.
  3. Limerick i SNL; "limerick", The Concise Oxford Companion to English Literature. Ed. Margaret Drabble and Jenny Stringer. Oxford university Press, 2007.
  4. NRK-Nordland om limerick-konkurransar
  5. «A Book of Nonsense» Nettside med vers og teikningar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]