Limingen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Limingen (Lyjmede) |
|
|---|---|
| Stad | Lierne, Røyrvik (Nord-Trøndelag) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 93,50 km² |
| Middeldjupne | 87 m |
| Største djupne | 192 m |
| Kystlengd1 | 107,80 km |
| Høgd over havet | 418 moh |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Limingen (samisk Lyjmede) er ein innsjø i kommunane Røyrvik og Lierne i Nord-Trøndelag fylke. Sjøen ligg 418 moh. og har eit areal på 93 km². På det djupaste er han 192 m djup, i gjennomsnitt 87 m.
Innsjøen har ein bestand av røye og aure. Frå 1970-talet finn ein òg ørekyte.
Innsjøen er regulert. Røyrvikelva i nordenden kjem frå Vektaren og er stort sett oppdemd. Vatnet vert i staden ført gjennom tunnel til Røyrvikfoss kraftverk i tettstaden Røyrvik. I sørenden, ved grenda Limingen i Lierne, vert vatnet ført ut i tunnel til Tunnsjøen via Tunnsjø Kraftverk, samt til Linvasselv Kraftverk på svensk side. Det er opptil 10 meter variasjon i vasstanden.