Limnologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Limnologi tar blant anna føre seg planter som veks i vatn.

Limnologi (frå gresk Λίμνη limnee, "innsjø"; og λόγος, logos, "læra"),er studiar av innlandsvatn (både saltvatn og ferskvatn), med hovudvekt på innsjøar, tjern og elvar (både naturlege og kunstige). Studiane omfattar kjemiske, biologiske og hydrologiske emne. I tillegg er kvartærgeologi relevant for utforminga av vassvegar og basseng.

Fagfeltet vart etablert av François-Alphonse Forel (1841-1912). Limnologi har tradisjonelt nært slektskap med hydrobiologi.

Omgrepet limnisk syner til det som gjeld innsjøar og ferskvatn, medan limnetisk syner til noko som lever i eller stammar frå ein innsjø.

Relaterte emne[endre | endre wikiteksten]