Limoges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Limoges
Brua Saint-Étienne over Vienne i Limoges
Brua Saint-Étienne over Vienne i Limoges
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Limousin
Haute-Vienne
Grunnlagd 10 fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

77,45 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

133 968
  1 730/km²
247 944
Koordinatar 45°49′09″N 01°15′05″EKoordinatar: 45°49′09″N 01°15′05″E
Høgd over havet 294 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: Nettsida til byrådet
Plassering
Plassering av  Limoges

Limoges (Lemòtges / Limòtgesoksitansk) er ein by i Frankrike med eit folketal på 130 000. Storbyområdet har 247 944 innbyggjarar. Limoges er prefecture (hovudstad) i departementet Haute-Vienne, og den administrative hovudstaden i regionen Limousin.

Ruinar av krypten med grava til Sankt Martial, den første biskopen i Limoges (på 200-talet), vart avdekt under arkeologiske utgravingar i 1960-åra i samband med bygging av eit underjordisk parkeringshus. Eit kloster, Abbaye Saint-Martial de Limoges, vart skipa her i 848 med utgangspunkt i ein heilagdom som allereie var etablert; klosteret vart oppløyst i 1791. Kyrkja med grava var ein av dei heilagdomane pilegrimane vitja langs denne av fleire pilegrimsruter til Sankt Jakobs grav i Catedral de Santiago de Compostela (Saint-Jacques-de-Compostelle på fransk) i Nordvest-Spania.

Limoges er verdskjend for den glasserte emaljen frå mellomalderen (Limogesemalje) på kopar, for porselen frå 1800-talet (Limoges-porselen) og for eiketønnene (Limousin-eik), som vert nytta i produksjonen av konjakk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av romarane som Augustortium rundt år 10 fvt., men galliske stammer skal ha vore busett i området før den tid. Romarane bygde mellom anna eit amfiteater i byen, i tillegg til forum, bad og heilagdomar.

På 200-talet reiste dei fleste innbyggjarane frå byen, sidan germanarane invaderte området. Folkesetnaden flytta i staden til område som var lettare å forsvare. På 900-talet vart det oppretta eit kloster i byen, som etter kvart fekk eit stort bibliotek. Dette førte til at Limoges på 1000-talet vart eit blømande kunstnerisk senter, og det vart mellom anna oppretta ein viktig musikkskule. Den mest vidkjende eleven ved skulen var trubadur Bertran de Born på 1200-talet.

I 1370 vart Limoges okkupert av Edward, den svarte prinsen, arving til den engelske trona, som massakrerte 3 000 menneske.

Under den franske revolusjonen vart mange religiøse bygningar, som ein såg på som symbol på det gamle regimet, øydelagd, mellom anna klosteret frå 900-talet. Nokre år seinare utvikla porselensindustrien seg i byen, fordi ein fann kaolinitt i området. Dei fleste innbyggjarane vart på ein eller annan måte involvert i denne industrien, t.d. tømmerhoggarar som gav tømmer til koking av porselenen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Limoges