Lin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lin


Linum usitatissimum - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-088.jpg

Systematikk
Rekkje: Spermatophyta
Orden: Malpighiales
Familie: Linfamilien
Slekt: Linum
Art: L. usitatissimum
Vitskapleg namn
Linum usitatissimum

Dyrka lin (Linum usitatissimum) er ein eittårig planteart i linslekta (Linum). Lin har vore dyrka av menneske i over 10 000 år og brukt til å framstilla tøy og fiber, linolje og til matlaging.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Lin er ein spinkel eittårig plante. Stenglane er tynne og elastiske. Blada er spreidde, heilranda og elliptiske. Over- og undersidene er einsarta grågrøne. Blomane er regelmessige og har ein klar blåfarge. Dei sit øvst på stengelen. Fruktene er kapslar med fem blanke frø. Frøa spirer lett på eigna stader.

Rotnettet er fint forgreina og går djupt. Planten er rik på lange fiber, og frøa har eit lag av slimstoff som gjer dei eigna som eit mildt avføringsmiddel. Planten gjev jordtrøyttleik etter berre eit år. Ved dyrking av lin i stor stil får ein ofte problem med snylteplanten linsilke (Cuscuta epilinum), som utkonkurrerer og skuggar for store areal med lin.

Heimstad[endre | endre wikiteksten]

Linfiber

Av dei ville linartane finst det fleire artar på eit område som strekker seg frå Kanariøyane og til Noreg. Vanleg lin stammar frå toårig lin (Linum bienne), som voks i fjellskogar i det noverande Kurdistan, der ulike artar av eik var dominerande, og der forfedrane til kveite, bygg, erter, linser og kikerter voks i skogbotnen.

I Noreg finst berre ein art, Linum usitatissimum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bryting av lin

Lin blei dyrka eller samla allereie i yngre steinalder, truleg for å bruka frøa. I Egypt nytta ein dei fine fibrane i planten til å laga klede. Det er funne lin i dei aller eldste faraogravene som er over 5  000 år gamle. Det vevde linet som omgjev mumiane har vore av beste kvalitet.

Lin blei dyrka i Noreg i yngre bronsealder, men blei vanlegare utover i eldre jernalder. Lin er omtalt i Edda og er blitt tillagt religiøs tyding knytt til urgamle indoeuropeiske offerskikkar. I Flateyjarbók er Olav den heilage med følgje på besøk på ein gard, og blir presentert for eit heilagt hestelem kalla Volse som er blitt preparert med lauk og linfrø. Formularen lin ok lauk, «lin og lauk», er gammal, og finst mellom anna som inskripsjonen linalaukaR på ein liten beinkniv som er funne i ei kvinnegrav i Fløksand. Både lin og lauk blei oppfatta som sterke fruktbarheitssymbol, kalla for kvinnesæd. «Å gå under linet» tydde å gifta seg. Frøya, den norrøne grødegudinna, hadde tilnamnet Hørn, gudinne for linhausten.

I den tida då ein måtte vera sjølvforsynt var lindyrking vanleg i Noreg og elles nord i Europa. Etter at treskemaskinen for bomull blei oppfunnen i 1792 døydde interessa for lindyrking i stor grad ut ettersom linet i stor grad blei erstatta av amerikansk bomull.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lin