Lina Sandell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lina Sandell

Pseudonym L.S.
Statsborgarskap Sverige
Fødd 3. oktober 1832
Fröderyds församling
Død

27. juli 1903 (70 år)
Klara församling

Yrke skribent, salmediktar, lyrikar, teolog, omsetjar, redaktør
Språk svensk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Jonas Sandell
Mor Fredrica Engstrand
Ektefelle C. O. Berg
Lina Sandell på Commons

Karolina Wilhelmina Sandell-Berg (3. oktober 183226. juli 1903) var ein svensk diktar. Ho er kjend for sine kristelege songar og salmar, prega av den roseniusanske vekkinga.

Lina Sandell var fødd på Fröderyds prestegard i Småland, der far hennar (Jonas Sandell) var prest. Som barn var ho mykje sjuk, noko som førte til at ho fekk lite høve til leik, men desto meir var tilhøyrar til far sin og vaksne intellektuelle. Skolegangen fekk ho på kontoret til faren. Alt som 13-åring hadde ho skrive meir enn 30 songar i ei poesibok: Barndoms Forsök av Carolina Sandell. 1845.

Som vaksen fekk ho teneste som sekretær for faren, inntil ho 25 år gammal vart augnevitne til at faren drukna.

Lina Sandell heldt fram som diktar. Songane gav ho ut i hefte, og komponistar og songarar tok dei til seg. Ho vart tilsett som litterær medarbeidar i Evangeliska Fosterlandsstiftelsen. Gjennom dette arbeidet vart ho kjend med kristne leiarar i Sverige, og ho fekk reise utanlands. Her arbeidde ho til ho i mai 1867 vart gift med grosserar C.O. Berg.

Mot slutten av livet fekk mannen økonomiske problem, han vart slått konkurs og mistenkt for lovbrot. Dei mista alt av pengar og mange venner.

Lina Sandell sine songar[endre | endre wikiteksten]

Det meste av diktinga til Lina Sadell vart publisert i blad og småhefte. Nokre få gonger gav ho sjølv ut salmesamlingar:

  • Andeliga Vårblommor (1853)
  • Samlade Sånger (1. del) (1882)
  • Samlade Sånger (2. del) (1885)

I alt skal ho ha skrive rundt 1700 salmar eller songar, blant dei

  • «Blott en dag» (NoS 490)
  • «Bred dina vida vingar» (NoS 816) («Breid dine nådevengjer»)
  • «Du ömma fadershjärta»
  • «Er det sant at Jesus er min broder»
  • «Giv oss enn en nådestund» («Gi oss no ei nådestund», S97 nr 97)
  • «Gör det lilla du kan» (nb NoS 748)
  • «Herre, samla oss nu alla» (nb Nos 589)
  • «Jag kan icke räkna dem alla» (NoS 309) («Eg kan ikkje telja dei alle»)
  • «Jag är en gäst och främling»
  • «Jerusalem, Jerusalem, som ovantill är byggt» («Jerusalem, Jerusalem som høgt på berg er bygd» S97 nr 149)
  • «Jesus, öppna du vårt öra» («O Jesus, åpne du mit øye» NoS 335)
  • «Nu vill jag sjunga om modersvingen»
  • «Om dagen vid mitt arbete»
  • «Tryggare kan ingen vara» («Ingen er så trygg på ferda» (NoS 488))
  • «Vem älskar som en moder?»
  • «Vid Jesu hjärta, där är lugnt »
  • «Är det sant att Jesus är min broder»
  • «Är det ödsligt och mörkt och kallt »

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]