Linares

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linares
EPS Linares (Frontal).jpg
Flagget til Linares Byvåpenet til Linares
Flagget til Linares Byvåpenet til Linares


Plassering
Linares is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Jaén
Borgarmeister Juan Fernández Gutiérrez
Geografi
Flatevidd
 - By

196,70 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

61 340
  311,8 /km²
Koordinatar 38°5′″N 3°38′″WKoordinatar: 38°5′″N 3°38′″W
Høgd over havet 419 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 23700
Nettstad: www.ayuntamientodelinares.org

Linares er ein by i provinsen Jaén i Andalucía i Spania. Han er den nest største byen i provinsen med kring 60 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 400 meter over havet, 51 km frå provinshovudstaden Jaén.[1]

Linares har ei historie som går tilbake til antikken og i denne tida låg det blygruver nær byen. Det var òg her at den kartagiske generalen Hannibal gifta seg med den lokale iberiske prinsessa Himilce mot slutten av den andre punarkrigen.

Rundt midten av 1800-talet vart Linares igjen eit viktig gruvesenter med blygruver i nærleiken. Dette medførte stor folkeauke frå kring 6000 i 1849 til 36 000 i 1877. Gruvedrifta og handsaming av bly var ein stor industri byen fram til nyleg i lag med produksjon av krut, dynamitt og tau lokale næringar. Den siste gruva vart stengd i 1991. I dag vert det produsert terrengbilar for den spanske hæren i byen. Det finst òg fabrikkar som produserer tog (CAF), komponentar for vindturbinar og biodiesel.

Kvart år vert Linares sjakkturnering halde i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Linares : Situación