Lincang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lincang si plassering i Yunnan

Lincang (kinesisk: 臨滄; pinyin: Líncāng) er eit byprefektur vestsørvest i provinsen Yunnan i det sørvestlege Kina. Prefekturet grensar i vest til grannelandet Myanmar. Byprefekturet har eit areal på 24 469 km² og eit folketal på om lag 2,15 millionar.

Byprefekturet Lincang omfattar eitt distrikt (区 ), fire fylke (县 xiàn) og tre autonome fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 214 går gjennom området. Han fører frå Xining i provinsen Qinghai til Jinghong i Yunnan. Også Kinas riksveg 323 leier inn i området. Han byrjar i Ruijin i provinsen Jiangxi og fører gjennom Guangdong og Guangxi og endar opp i Lincang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]