Lindøya

Koordinatar: 59°53′25″N 010°42′45″E / 59.89028°N 10.71250°E / 59.89028; 10.71250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°53′25″N 010°42′45″E / 59.89028°N 10.71250°E / 59.89028; 10.71250 Lindøya (410 dekar) er ei lita øy i indre Oslofjord, rett på utsida av Oslo-sentrum. Det er stort sett ei hytteøy der hytteeigarane bur heile sommarhalvåret.

Hyttebygg og historia[endre | endre wikiteksten]

Livet på Lindøya (tidlegare Lindøen) byrja ikkje med hytter, men med telt (derfor namnet Teltodden på sørsida av øya). Det vert fortalt at det første teltet vart sett opp i 1905. Men sidan sommaren i Noreg kan by på både regn og kulde, tok folk til å sette opp lemmehytter som måtte demonterast om hauste. Litt etter litt lét ein dei små hyttene verte ståande heile året. Rundt 1920 eksisterte både telt og hytter, men frå då av byrja ein å byggje hyttene, slik ein kjenner dei i dag.

Straum og vatn kom til Lindøya i høvesvis 1954 og 1960. Det store arbeidet i dette samband vart utført på dugnad av hytteeigarane. Elles er dei fleste av dei gamle sisternene bevart

Lindøya har 289 hytter og er delt opp i 16 roder. Kvar rode har ein rodemeister som er kontaktledd mellom hytteeigarane og styret.

Det er òg andre sommarhus på Lindøya. Desse vert ikkje kalla hytter, og på folkemunne vert det sagt at dei ligg på Privaten. Festeforhold er annleis for husa på Privaten, idet tomtane er oppmålte og storleiken på tomten er såleis innført i grunnboka. Festeavgifta er òg høgare enn for dei vanlege hyttene. dei vanlege hyttene har det som vert kalla eit punktfeste utan eit klart definert kvadratmeter tomt. Alle tomter har fått storleiken sin etter at tidlegare eigarar planta hekkane og la uteplassane sine.

Lindøya naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Lindøya naturreservat (VV00001854) omfattar eit område på 91 da i den nordaustre delen av øya, og er avgrensa av bygg, sjø, parkområde og ein bratt kant i sør. Arealet er dominert av ein svært variert bestand med kalkfuruskog som har innslag av mellom anna urter, berberis, einer, geitved, linjekonvall, knollmjødurt, maureartar, hjorterot og den sjeldne svalerota. Dei sentrale delane av skogen er mindre næringsrik og vert dominert av grasartar og moser.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]