Linda Ronstadt
| Linda Ronstadt | |
Ronstadt på konsert |
|
| Verkeleg namn | Linda Marie Ronstadt[1] |
| Fødd | 15. juli 1946 (66 år), Tucson i Arizona |
| Instrument | Vokal Gitar Perkusjon |
| Sjanger | Rock, rock and roll, folk, country, countryrock, jazz, latinsk musikk, Rhythm & Blues, Cajun, storband, pop, kunstrock, operette |
| Aktive år | 1967 til i dag |
| Yrke | Songar, låtskrivar, musikar, plateprodusent, skodespelarinne |
| Tilknytte artistar | Stone Poneys Neil Young Swampwater Free Creek Eagles Dolly Parton Emmylou Harris The Muppets Aaron Neville Rubén Fuentes Mariechi Vargas de Tecalitlán Nelson Riddle Ann Savoy Jackson Browne Warren Zevon Michael Nesmith |
| Plateselskap | Capitol |
Linda Ronstadt (fødd 15. juli 1946 i Tucson i Arizona) er ein amerikansk songar.
Ho kjem frå ein særs musikalsk familie. I tenåra danna ho ein trio saman med broren og syster si. Dei kalla seg The New Union Ramblers og song folkemusikk, country, bluegrass og meksikanske songar. I midten av 1960-åra song ho i folkrock-trioen Stone Poney, som gav ut tre plater. I 1969 spelte ho inn det første soloalbumet sitt, Hand Sown... Home Grown. På hennar tredje, sjølvtitulerte album, vart ho akkompagnert av ei gruppe studiomusikarar som seinare skulle danne gruppa Eagles.
Ho hadde ein stor hit i 1975 med «You're No Good'from albumet Heart Like a Wheel. Etter at ho på dei tidlege platene sine i hovudsak var påverka av country og countryrock, byrja ho på slutten av 1970-talet å utvide stilen sin med fleire rock- og pop-orientert musikk. Albumet Simple Dreams frå 1977 vart ein stor suksess, inkludert hittane «Blue Bayou» og «It's So Easy» og oppfølgjaren Living in USA frå året etter. På 1980-talet eksperimenterte ho mellom anna med jazz og latinsk musikk.
Ronstadt har spelt inn to album med Dolly Parton og Emmylou Harris (Trio og Trio II). Ho har òg sunge og delteke i fleire filmar. I 1986 song ho kjenningsmelodien til Somewhere Out There' og Don Bluth-filmen Reisen til Amerika, i duett med James Ingram. Songen vart Oscar-nominert, men vann ikkje. Med denne songen nådde ho andreplassen på den amerikanske singellista.
Diskografi [endre]
- 1972 – Linda Ronstadt
- 1973 – Don’t Cry Now
- 1974 – Heart Like A Wheel
- 1975 – Prisoner In Disguise
- 1976 – Hasten Down The Wind
- 1977 – Simple Dreams
- 1978 – Living In The USA
- 1980 – Mad Love
- 1982 – Get Closer
- 1983 – What’s New
- 1987 – Canciones De Mi Padre
- 1987 – Trio (med Emmylou Harris & Dolly Parton)
- 1989 – Cry Like A Rainstorm/Howl Like The Wind
- 1995 – Feels Like Home
- 1999 – Western Wall/The Tucson Sessions (Duettalbum med Emmylou Harris)
- 1999 – Trio II
- Samlingar
- 1977 – A Retrospective
- 1980 – Greatest Hits Vol. II (1976–79) [Elektra/Asylum 516-2, Europe: 252255]
- 1999 – The Box Set
- 2002 – The Very Best Of Linda Ronstadt
- Linda Ronstadt på filmmusikk
- 1978 – FM
- 1980 – Urban Cowboy
- 1985 – Moonlighting
- 1989 – The Abyss
- 2004 – Man On Fire
- 2006 – Brokeback Mountain
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Linda Ronstadt» frå Wikipedia på svensk, den 28. oktober 2010.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Linda Ronstadt > Biography». allmusic. http://www.allmusic.com/artist/linda-ronstadt-p5302. Henta 28. oktober 2010.