Lindebukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lindebukk
Lindebukk, ein hann
Lindebukk, ein hann
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Trebukkar Cerambycidae
Slekt: Oplosia
Art: Lindebukk O. cinerea
Vitskapleg namn
Oplosia cinerea

Lindebukk (Oplosia cinnerea, tidlegare O. fennica) er ei bille i trebukkfamilien. Han høyrer til underfamilien Lamiinae, som vert kjenneteikna av å ha hovudet vertikalt ståande på kroppen, og er utbreidd i storparten av Europa til Kaukasus. I Noreg finn me han langsmed kysten frå Oslofjorden til Aust-Agder, i dei same områda som vertstreet lind. Arten er ikkje vanleg i Noreg, men det finst likevel sannsynlegvis nokre av dei beste bestandane i Skandinavia.

Lindebukken er 9 til 13 millimeter lang og lett å kjenna att på fargeteikningane på dekkvengjene.

Ein hann, med lange antenner

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Lindebukken er, som namnet tilseier, først og fremst knytt til treslaget lind her i Skandinavia. Han er òg funnen på andre lauvtre, til dømes ask, bøk, hassel og or. Han nyttar helst greinar som ligg på bakken og er infiserte med sopp. Larvane lever under barken, men borar seg inn i ytterveden når dei skal forpuppa seg i mai. Utviklingstida er to år, og dei vaksne billene kjem fram i mai-juni. Dei let att etter seg hol med ein diameter på 4-5 mm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]