Lindesnes fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lindesnes fyrstasjon
20050728-Lindesnes fyr.jpg
Fylke Vest-Agder
Kommune Lindesnes
Funksjon Kystfyr
Oppretta 27. februar 1655
Koordinatar 57°58.9535′N 7°2.8043′EKoordinatar: 57°58.9535′N 7°2.8043′E
Fyrtårn
Høgd 16,1 m
Form Fyrbygning med tårn
Byggjemateriale Støyejern
Fyrlys
Lyskarakter Lysglimt vart 20. sek.
Lyshøgd 50,1 moh
Lysvidde 17,7 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 2003
Avfolka 2003
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Lindesnes fyrstasjon er det eldste fyret i Noreg og ligg heilt sør på Lindesneshalvøya i Lindesnes kommune. 27. februar 1655 vart det første fyrlyset i Noreg tent her. Dette vart sløkt alt i 1657, men ein reknar likevel med at fyret vart grunnlagd i 1655. Det var ikkje tilfeldig at nettopp Lindesnes vart staden der det første fyr i Noreg vart tent. Heilt sidan mellomalderen har Lindesnes, eller Neset, som ein kalla staden, vore ein av dei viktigaste landkjenningane for dei seglande mellom Nordsjøen og Austersjøen.

Lindesnes fyrstasjon is located in Vest-Agder
Plasseringa til Lindesnes fyrstasjon

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Ved Lindesnes møttest den viktige kystleia med dei oversjøiske rutene. De fleste seglskipa som skulle ta seg ut og inn Skagerrak søkte opp under norskekysten. Her kunne dei tross alt verte losa i hamn om vêret tvinga dei mot land. På danskesida var berre den langgrunne Jammerbukt utan naturlege hamner å søke tilflukt imot vêr og vind. På slutten av 1500-talet omtalar den norske presten og historikaren Peder Claussøn Friis Lindesnes som «dette nes som alle sjøfarande folk kjenner til», mellom anna fordi dei ut frå denne landkjenninga sette kurs vidare langs kysten.

Men farvatnet omkring Lindesnes var frykta og det med god grunn. Her møtes to havområde, Skagerrak og Nordsjøen. Kraftige vindar og havstraumar har blese mang ei skute på grunn i dette området og strekninga mellom Lindesnes og Lista er av sjøfartshistorikarar vorte omtalt som «eit klassisk forlisdistrikt».

1600-talet[endre | endre wikiteksten]

Det var derfor ikkje tilfeldig at det første fyret i Noreg vart tent på Lindesnes, men mykje gjekk gale i starten. Det var danskekongen Fredrik III som 18. juli 1655 sendte ut formaning som gav Pouell Hansønn, borgar av Christiansand privilegium til å etablere fyrdrift på Lindesnes. Drifta skulle finansierast ved å skattlegge alle skipsanløp i hamnene mellom Bergen og Bohuslen.

Men det var dårleg vêr hausten 1655. Dei tre skipa som vart sendt ut med material og utstyr frå Kristiansand brukte meir enn 7 veker på turen til Lindesnes. Og skipet som skulle hente kol frå England, kom ikkje fram i det heile tatt. Det vart derfor reist eit treetasjes tårn i tre, der det vart plassert 30 blafrande talglys bak nokre blyglassvindauge. Det kan ikkje ha vore rare fyrlyset og klagene let ikkje vente på seg. Sjølv om kolfyret kom i drift etter ei tid, såg kongen seg likevel nøydd til å stenge ned fyret alt hausten etter.

Garden ved sidan av fyret.

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

Først 69 år seinare vart fyrdrifta på Lindesnes teke opp att. Og då vart det avgjort at det skulle vere to kolbluss: Eitt på sjølv Neset og eitt på Markøy, litt lenger vest. Dette var for å unngå forveksling mellom Lindesnes og fyret på Skagens Odde! Dei to blussa vart begge tent 1. februar 1725. Både på Lindesnes og Markøy bestod fyret berre av ei open fyrgryte med kol som var plassert rett på fjellet.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

I 1822 vart begge blussa ombygd til lukka kolblussfyr. Det vil sei at fyrgryta vart plassert inne i et lukka lykterom på toppen av eit murt fundament med trekkanalar som skulle sikre jamnare og meir økonomisk brenning. Røyken vart slept ut i eit avtrekk i toppen av lykta. Det er fundamentet til desse lukka kolblussfyra som framleis er bevart, både på Lindesnes og Markøy.

Fyret på Markøy vart lagt ned i 1844 og i 1854 vart fyret på Lindesnes ombygd. Ei første ordens linse vart installert på toppen av det gamle kolblusset. Lyskjelda var ein moderne veikebrennar (parafin).

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Maskinrommet til tåkeluren på Lindesnes fyr
Foto: Philip Gabrielsen

I 1915 vart linsa flytta over i eit nytt støpejernstårn. Det vart bygd nytt maskinhus i 1920 og montert tåkeanlegg. Med andre ord fekk Lindesnes fyrstasjon i 1920 den utforminga stasjonen framleis har i dag.

Under andre verdskrigen okkuperte tyskarane fyret og bygde store bunkrar, batteri og mange rom og gangar i fjellet under fyret. Det var viktig for tyskarane å ha kontroll over dette fyret for å kunne navigere for tyske båtar og for å villeie fienden. Fyret er sidan 1992 restaurert og tilgjengeleg for publikum.

Lindesnes fyr hadde fast bemanning fram til 2003. I 1992 vart det oppretta ein egen stiftelse som har hatt ansvar for bevaring og tilrettelegging av fyrstasjonen for vitjande. I 2000 vart Lindesnes fyr vald til Vest-Agder sin tusenårsstad og som ei følgje av dette vart det bygd eit nytt formidlingsanlegg inne i fjellet under fyrstasjonen. Bygginga starta hausten 2003. Lindesnes fyr er òg føreslått som hovudsete for eit nasjonalt fyrmuseum og Fiskeridepartementet bad i 2003 om eit forslag til driftsbudsjett for eit slikt museum, med tanke på etablering i 2004.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Fyret er ein av dei mest vitja stadane i Vest-Agder etter Dyreparken i Kristiansand. Årleg legg omtrent 100 000 menneske turen innom fyret. I 2004 vart det første fyrmuseumet i Noreg opna ved Lindesnes fyr.

Fyret i dag[endre | endre wikiteksten]

Lindesnes fyr 2012

Det er Lindesnes Fyrmuseum som i dag driftar fyret, aktivitetane her og attraksjonane. Det er nyleg bygd opp ein stor fjellhall i fjellet under dagens fyr. Hallen vert nytta til konsertar, hendingar og arrangement i kommunen samt filmframsyning av historia rundt fyret og fyr i Noreg gjennom heile turistsesongen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Meteorologisk institutt har ein vêrstasjon på Lindesnes fyr. Denne har vore i drift sidan januar 1863 og ligg 13 meter over havet. Stasjonen har synopnummer 01436.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 1,1 0,5 2,0 4,7 9,0 12,5 14,2 14,8 12,4 9,6 5,6 2,9 7,4
Nedbør (mm) 109 72 83 60 71 65 78 102 125 143 146 105 1159

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lindesnes fyrstasjon