Lindisfarne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lindisfarne kloster. For musikkgruppa, sjå musikkgruppa Lindisfarne.
Lindisfarne
Lindisfarne-borga
Lindisfarne-borga
Geografi
Stad Berwick-upon-Tweed

Areal 5 km²

Administrasjon
Land England
Grevskap Northumberland

Demografi
Folketal 162[1] (2001)

Vegen mellom Lindisfarne og fastlandet når sjøen er i ferd med å stige.

Lindisfarne, òg kalla Holy Island, 'Den heilage øya', er ei tidvassøy som ligg nordaust i England, i Northumberland nær Skottland. Øya, som berre har køyrbart vegsamband med fastlandet på fjøre sjø, er kjend for det tidlegare klosteret sitt, Lindisfarne kloster, og det er vanleg å nytte berre namnet Holy Island om denne øya på karta og i andre samanhengar. Klosteret blei herja i eit tidleg vikingåtak i 793, og dette åtaket har ofte vorte rekna som byrjinga på vikingtida. Klosteret ligg i dag i ruinar og er teke vare på som eit fornminne. Det ligg òg ein borg på øya, Lindisfarne Castle (Lindisfarne slott).

Fakta[endre | endre wikiteksten]

St. Aidan av Lindisfarne.

Klosteret på Lindisfarne blei grunnlagd av benediktinarar rundt 635, då kong Oswald av Northumbria sende den irske munken Aidan dit frå Iona. I tidleg mellomalder var det eit viktig lærdomssentrum, og opphavsstaden til manuskripet Lindisfarne-evangelia.

I 793 gjekk vikingar i land på øya, drap munkar og stal skattar frå klosteret. Det brutale åtaket av heidningar på den heilage staden blei i Den angelsaksiske krønika sett i samanheng med andre teikn som hungersnaud, uvêr og syn av drakar på himmelen, og skapte stor uro. Dette er det eldste dokumenterte vikingåtaket, og difor blir det ofte rekna som byrjinga på vikingtida, sjølv om det no helst vert nytta andre definisjonar og kriterium på når vikingtida tok til. Dateringa på åtaket er ofte oppgjeve som 8. januar, men dette er truleg ei feillesing av datoen 8. juni. Vikingåtaket er skildra på Lindisfarnesteinen frå 800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]