Line Henriette Hjemdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Line Henriette Holten Hjemdal i Stortinget februar 2009.
Foto: Lars Røed Hansen

Line Henriette Holten Hjemdal (fødd 18. oktober 1971 i Sarpsborg) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho har vore stortingsrepresentant for Østfold fylke sidan 2005.

Hjemdal bur no i heimbyen Fredrikstad, er gift og har to døtrer. Ho er dotter av tidlegare stortingsrepresentant Odd Holten og voks opp i Fredrikstad. I 2003 vart ho valt i Askim bystyre.

Ho er utdanna teolog (Menighetsfakultetet 1996), og har arbeidd som generalsekretær i Kristeleg Folkepartis Ungdom, som informasjonsrådgivar for KrF på Stortinget og som politisk rådgivar hos Dagfinn Høybråten, først i Sosial- og helsedepartementet (2001–04), deretter i Arbeids- og sosialdepartementet (2004–05).

Hjemdal vart valt inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005 og 2009, og sit i helse- og omsorgskomiteen.

8. oktober 2009 vart Hjemdal valt til 5. visepresident i Stortinget.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

  • 23. oktober 2001 – 31. desember 2001: Politisk rådgivar Sosial- og helsedepartementet
  • 1. januar 2002 – 1. oktober 2004: Politisk rådgivar Helsedepartementet
  • 1. oktober 2004 – 28. februar 2005: Politisk rådgivar Arbeids- og sosialdepartementet

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]