Linfen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Linfen (gul) i Shanxi

Linfen (kinesisk: 临汾; pinyin: Línfén) er eit byprefektur sørvest i provinsen Shanxi i det nordlege Kina, i vest grensar det mot provinsen Shaanxi. Byprefekturet har eit areal på 20 275 km² og hadde vel 4,3 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Linfen omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og fjorten fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Gruvedrift er den viktigaste næringa i Linfen, fylgd av næringsmiddelindustri. Prefekturet har i mange år vore sterkt prega av forureining, særleg smog, frå kolkraftverka i området. Byområda er rekna for å vere av dei skitnaste og mest forureina i heile verda.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 108 går gjennom området. Riksvegen tek til i Beijing og fører via Taiyuan, Xi'an og Chengdu sør til Kunming i den sørvestlege provinsen Yunnan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]