Lingsoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lingsoft er eit finsk språkteknologifirma, som vart grunnlagt i 1986 av Kimmo Koskenniemi og Fred Karlsson, begge professorar i språkvitskap ved Universitetet i Helsingfors.

Lingsoft baserte seg på Koskenniemi sin bruk av finitte tilstandsautomatar i såkalla tonivåmorfologimodellar, og seinare også av Karlsson sin føringsgrammatikk-disambiguerar. På bakgrunn av dette laga Lingsoft ordretteprogram for ei lang rekkje språk, m.a. finsk, svensk, dansk, tysk, swahili, bokmål og nynorsk. Lingsoft tok over for INSOSoft som leverandør til Microsoft for den nordiske marknaden frå og med 1997, og dei leverte også grammatikkontrollar til Microsoft si Office 2000-pakke.

Lingsoft sitt problem var avhengigheita av Microsoft, og for å bøte på det forsøkte dei å utvikle nye produkt innanfor svartenester, talesyntese og intelligente ordbøker. På det største hadde Lingsoft i denne utviklingsfasen over 60 tilsette, men hausten 2000 måtte dei permittere heile arbeidsstokken, på grunn av manglande finansiering. Etter eit par år i dvaletilstand vart Lingsoft kjøpt opp av det Åbobaserte firmaet Pasanet, og dei var frå og med 2004 attende i produksjon av ein ny generasjon språkverkty for Microsoft.

Lingsoft har vore ein pioner innanfor utviklinga av grammatikkontrollar, og dei er det leiande språkteknologiske firmaet i Norden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]