Linjebreidde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Linjebreidde er eit mål for bandbreidda til spektrallinjer til ljos sendt ut eller absorbert ved atomære eller molekylære overgangar mellom ulike energinivå. Alle spektrallinjer har ei viss breidd, fordi frekvensen til ljos sendt ut pga ein atomær overgang mellom to energinivå i eit atom, har ein uskarpleik som kjem av den endelege levetida til det eksiterte energinivået. Ifølgje Heisenbergs uskarpleiksprinsipp er uskarpleiken i frekvensen til ljoset, og dermed er bandbreidda større, jo mindre levetida til energinivået er. Bandbreidda som kjem av uskarpleiken i lysfrekvensen blir kalla den naturlege linjebreidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]