Linjesender

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein linjesendar var ein radiosendar som sende i langbølgjebandet. Som andre kringkastingssendarar brukte dei AM (amplitudemodulasjon). Namnet sitt fekk dei fordi dei bruka det høgspente kraftlinenettet som sendarantenne. Sendareffekten var oftast liten, berre 250 W til 2 kW. Dei hadde likevel god rekkjevidd. Dei var òg rimelege å setja opp. Linjesenderane vart utvikla av folk i Teledirektoratet i Noreg, og vart berre brukte her til lands. Den første linjesendaren vart testa i Sulitjelma i august 1953. Den siste, Røldal Linjesendar, var i drift til 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]