Linnéträdgården

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linnéträdgården

Linnéträdgården ved Svartbäcksgatan i Uppsala har namnet sitt etter Carl von Linné (1707–1778). Han vart likevel oppretta før hans tid, på 1660-talet, av den uttrøytteleg verksame Olof Rudbeck d.e. Etter at han døydde i 1702 forfall hagen raskt. Det gode ryktet til hagen levde likevel, og når ein ung Carl Linnæus, som studerte i Lund 1727–1728, fekk høyre om han, avgjorde han å bytte lærestad og flytte til Uppsala.

Ei lita historie[endre | endre wikiteksten]

Det vert fortalt at Linné ein vårdag i 1729 var i den ganske viltveksande rudbeckske hagen og undersøkte vårblomane. Han møtte av ei rein tilfeldigheit amatørbotanikaren professor Olof Celsius. Celsius vart imponert over den for han ukjende unge studenten sine kunnskapar og tok han under sitt vern.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]