Linn-Kristin Riegelhuth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riegelhuth i 2009

Linn-Kristin Riegelhuth Koren (fødd 1. august 1984) er ein norsk handballspelar som sidan 2002, med unnatak for 2009/10-sesongen, har spela for Larvik HK. Ho vart europacupmeister med klubben i 2008 og har vunne ni seriemeisterskap. Riegelhuth har i perioden 2004-11 vunne fire EM-gull, eitt OL-gull og eitt VM-gull med Noregs handballandslag. Riegelhuth, som ofte vert nemnd med kallenamnet Linka, er venstrehendt og spelar både på høgrekanten og som høgreback. Mellom 2003 og august 2012 har ho spela 211 landskampar og skåra 79o landslagsmål for Noreg.

Sidan 2011 er ho gift med den norske landslagspelaren i handball, Einar Koren.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Riegelhuth debuterte på Noregs landslag 23. september 2003 mot Kroatia, og skåra eitt mål. Sidan 2003 har ho vore med i Noregs tropp til alle meisterskap, med unnatak for VM 2005. Desse åra vann ho EM-gull i 2004 og 2006, VM-sølv i 2007, både OL- og EM-gull i 2008, VM-bronse i 2009, det fjerde rake EM-gullet i 2010, samt sitt fyrste VM-gull i 2011.

I OL-finalen 2008 spela Riegelhuth ein framifrå kamp og skåra ni mål på ti skot. I EM i desember same året vart toppskårar med 51 mål. Ho vart då teken ut på «allstar»-laget som den beste høgrekant-spelaren, noko ho også vart under verdsmeisterskapen 2009 i Kina.

Sesongen 2009/10 spela Riegelhuth for danske FCK Håndbold, ein klubb/firma som vart avvikla etter sesongslutt våren 2010. Ho vende då tilbake til Larvik HK. I det to meisterskaps turneringane, EM 2010 og VM 2011, låg hennar prestasjonar på eit lægre nivå enn før.

Merittar landslag[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2003 – 6.plass
  • EM 2004 – Gull
  • EM 2006 i Sverige: Gull etter norsk siger 27-24 over Russland
  • VM 2007 – Sølv
  • OL 2008 – Gull
  • EM 2008 – Gull
  • VM 2009 – Bronse
  • EM 2010 – Gull
  • VM 2011 – Gull
  • OL 2012 i London: Gull etter norsk siger 26-23 over Montenegro

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]