Linth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 47°13′7″N 8°56′28″E
Linth
elv
none  Linth nær Reichenburg
Linth nær Reichenburg
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Glarus, St. Gallen, Schwyz
Kjelde Tödi-massivet
 - høgd 1 000 moh
 - koordinatar 46°51′57″N 8°58′49″E
Munning Zürichsjøen
 - høgd 406 moh
 - koordinatar 47°13′7″N 8°56′28″E
Lengd 37 km
Wikimedia Commons: Linth

Linth er ei 37 km lang elv i det sentrale, austlege Sveits. Elva har kjelde i Glarus-Alpane i kantonen Glarus, og renn gjennom kantonane St. Gallen og Schwyz. Linth munnar ut i Zürichsjøen. Opphavleg rann Linth forbi Walensjøen og tok opp elva Maag, som var avlaup for Walensjøen, før ho nådde Zürichsjøen. Grunna stendig overfløyming vart Linth regulert mellom 1807 og 1816. Ein bygde då Escherkanalen og leia Linth gjennom denne ut i Walensjøen, frå denne innsjøen renn ho gjennom Linthkanalen til Zürichsjøen. Når elva forlet Zürichsjøen, har ho skifta namn til Limmat, som er ei bielv til Aare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]