Linyi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit Konfucius-tempel i Linyi
Plasseringa av Linyi (gul) i Shandong

Linyi (kinesisk: 临沂 ; pinyin: Línyí) er eit byprefektur i provinsen Shandong aust i Kina. Byprefekturet, som ligg ved Gulehavet, har eit areal på 17 186 km² og hadde vel 10 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Linyi omfattar tre distrikt (区 ) og ni fylke (县 xiàn).

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringsverksemda i Linyi er basert på engroshandel i stort format. Viktigaste industriprodukta er tektilar, matvarer, maskinar, elektronikkvarer, kjemiske produkt, som til dømes kunstgjødsel, samt bygningsmaterial, kol, medisinar, gull og porselen. Maskinane vert eksportert til Europa, Nord- og Sør-Amerika, samt Søraust-Asia.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Vegen byrjar i Shanhaiguan i Hebei og ender opp i Shenzhen, sør i provinsen Guangdong. Undervegs fører han gjennom Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an i Jiangsu, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou. Kinas riksveg 206 går gjennom Linyu. Han strekker seg frå kystbyen Yantai til kystbyen Shantou i provinsen Guangdong. Vegen leier gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til sist Guangdong. Også Kinas riksveg 327 passerer gjennom området. Han går frå Heze i Shandong til Lianyungang i Jiangsu.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til Linyi kan sporast tilbake til år 400 fvt. Zhuge Liang og Wang Xizhi stammar frå området. I 1972 vart verket Krigskunsten av Sun Bin funne her, til liks med andre klassikarar skrive på bambusstriper.

Våren 1938, under den andre sino-japanske krig, var det store kampar i prefekturet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Linyi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]