Linz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linz
Linz Donau.jpg
Byvåpenet til Linz
Byvåpenet til Linz
Styresmakter
Land
Delstad
Flag of Austria.svg Austerrike
Oberösterreich
Først nemnd i 799
Borgarmeister Franz Dobusch
Geografi
Flatevidd
 - By

94,048 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

189 343
  1967/km²
Koordinatar 48°18′″N 14°17′″EKoordinatar: 48°18′″N 14°17′″E
Høgd over havet 266 m
Diverse anna
Postnummer 4010, 402x, 4030, 404x
Telefon-retningsnummer 0732
Bilnummer L
Nettstad: www.linz.at
Plassering
Linz is located in Austerrike

Linz er den tredje største byen i Austerrike og hovudstad i delstaten Oberösterreich. Han ligg nord i sentrale delar av Austerrike, om lag 30 km sør for grensa til Tsjekkia på begge sider av elva Donau. Byen har om lag 190 000 innbyggjarar og i storbyområdet om lag 271 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av romarane, som kalla han Lentia, men det var då alt ein keltisk busetnad her kalla Lentos. Byen vart først nemnd i 799.[1] Byen var ein lokal administrasjonsstad i Det tysk-romerske riket, og ein viktig handelsstad som knytte saman fleire handelsruter på begge sider av Donau og vidare til Böhmen, Polen og Baltikum i nord, og Italia i sør. Byen var den siste der den habsburgske keisaren Fredrik III levde sine siste år, og var derfor ein kort periode den viktigaste byen i heile riket.[2] Han mista status til Wien og Praha etter keisaren døydde i 1493.

Pöstlingberg-kyrkja i Linz.

Ein viktig innbyggjar frå byen var Johannes Kepler, som levde her fleire år medan han studerte matematikk. 15. mai 1618 oppdaga han plantane si rørslelov. Det lokale offentlege universitetet er kalla opp etter Kepler, Johannes Kepler Universitet Linz. Ein anna kjend innbyggjar var Anton Bruckner, som var her mellom 1855 og 1868 som lokal komponist og kyrkjeorganist i byen. Den lokale konserthallen, Brucknerhaus, og ein lokal privat musikk- og kunstskule er kalla opp etter han.

Adolf Hitler vart fødd i grensebyen Braunau am Inn, men flytta til Linz i barndommen, der han voks opp. Hitler sine foreldre er gravlagde i Leonding, nær Linz. Hitler gjekk på Realschule i Linz. Hitler hadde store arkitektoniske planar for Linz og ønskte at han skulle verte det store kultursenteret i Det tredje riket. For å auke dei økonomiske tilhøva i Linz sette Hitler i gang ei stor industrialisering i Linz like før og under den andre verdskrigen. Mange fabrikkar vart demontert i det Tsjekkoslovakia, som Tyskland nett hadde fått herredøme over, og flytta til Linz. Eit av desse var Hermann-Göring-Werke som framleis eksisterer i dag som Voestalpine stålselskap. Linz vart eit stort industrisenter med produksjon av kjemikalar og stål for krigsmaskineriet til nazistane.

Mauthausen-Gusen, nær Linz, var den siste av dei nazistiske konsentrasjonsleirane som vart frigjeve av dei allierte. Medan leiren var i drift var det fangane her som hogg ut steinen som Hitler nytta i dei prestisjetunge byggprosjekta sine rundt om i Riket.

Etter krigen tente Donau, som renn gjennom Linz, som grense mellom dei russiske og amerikanske okkupasjonstroppane. Nibelungen-brua som går over Donau frå Hauptplatz (hovudplassen) var på denne tida Linz si utgåve av Checkpoint Charlie. Nibelungen Brücke med dei to bruhovuda er det einaste byggverket frå planen til Hitler som vart ført opp i Linz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Linz City Travel Guide. About Austria. Vitja 14. november 2008.
  2. Darryl Lundy. A genealogical survey of the peerage of Britain as well as the royal families of Europe. The Peerage. Vitja 14. november 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Linz