Lipid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nokre vanlege lipid. På toppen er oljesyre og kolestrol. I midten er ein triglycerid av oleoyl-, stearoyl- og palmitoyl-kjeder knytt til ei glyserolsøyle. I botn er eit vanleg fosfolipid fosfatdikolin.

Lipid er definert som alle feittoppløyselege (lipofilt), naturlege molekyl, som feitt, oljer, voks, kolesterol, sterolar, feittoppløyselege vitamin (som vitamin A, D, E og K), monoglyserid, diglyserid, fosfolipid og andre. Den viktigaste biologiske funksjonen til lipid er mellom anna å lagre energi, fungere som strukturelle komponentar i cellemembranar og medverke som viktige signalmolekyl.

Sjølv om uttrykket lipid stundom vert nytta som synonym for feittstoff, er feittstoff ei undergruppe av lipid kalla triglyserid og bør ikkje forvekslast med uttrykket feittsyre. Lipid omfattar òg molekyl som feittsyrer og derivata deira (inkludert tri-, di- og monoglyderid og fosfolipid), i tillegg til andre stoffskifteprodukt som inneheld sterolar, som kolesterol. [1] Emulsjontesten er ein grov metode for å avgjere om ein har lipidar i ein prøve eller ikkje.

Lipid er ei mangfaldig gruppe av stoff som har mange viktige biologiske funksjonar, som å fungere som ein del av cellemembranar, lagre energi og sende vidare signal. Lipid kan i store trekk definerast som hydrofobiske eller amfifiliske små molekyl som har heilt eller delvis opphav frå to forskjellige typar biokjemiske delar eller «byggesteinar»: ketoasyle og isoprene grupper.[2] Ved å sjå på dei på denne måten kan lipid delast inn i åtte kategoriar: Feittsyrer, glyserolipid, glyserofosfolipid, sfingolipid, sukkerlipid og polyketid, sterole lipid og prenole lipid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anthea Maton, Jean Hopkins, Charles William McLaughlin, Susan Johnson, Maryanna Quon Warner, David LaHart, Jill D. Wright (1993). Human Biology og Health. Englewood Cliffs, New Jersey, USA: Prentice Hall. ISBN 0-13-981176-1. 
  2. Fahy E, Subramaniam S, Brown HA; et al. (2005). «A comprehensive classification system for lipids». J. Lipid Res. 46 (5): 839–61. PMID 15722563. doi:10.1194/jlr.E400004-JLR200.