Liri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liri
Utspring Monti Simbruini
- Høgd om lag 1 000 moh
Munning Garigliano
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 120 km
Middelvassføring 50 m³/s
Nedslagsfelt 4 140 km²

Liri (Latin Liris, tidlegare Clanis) er ei elv sentralt i Italia som munnar ut i Tyrrenhavet like nedanfor Minturno som elva Garigliano.

Liri har sitt utspring i Monte Camiciola i Monti Simbruini sentralt i Appenninane (Abruzzo i kommunen Cappadocia) nær Fucinosjøen. Ho renn først søraustover parallelt til Appenninane fram til Sora, der ho mottar Fibreno. Det er bygd ei demning like etter Liri har mottat Sacco ved Ceprano. Den siste viktige sideelva til Liri er Melfa, som ho møter nær Aquino. Etter Cassino mottar ho vatn frå elva Gari (eller Rapido), og etter dette vert ho kalla Garigliano.

Liri-Garigliano-systemet har eit totalt nedslagsfelt på 5 020 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]