Liro i Como

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg elva Liro i Sondrino.
Liro
Utspring Monte Marmontana
Munning Comosjøen ved Gravedona
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 14,2 km
Nedslagsfelt 57,5 km²

Liro er ei elv i provinsen Como i Lombardia i Italia. Nedslagsfeltet er forma som ein trekant og kjelda ligg i Monte Marmontana nær grensa til Sveits og elva renn gjennom Valle San Iorio. Den andre kjelda hennar ligg i nordaust i fjellsida til Pizzo Martello og dannar Valle del Dosso. Nær Dosso del Liro mottar elva vatn frå Ronzone, som kjem frå Monte Duria og gjennom Val d’Inferno. Liro munnar ut i Comosjøen ved Gravedona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]