Lirype
| Lirype | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Galliformes | |
| Familie: | Phasianidae | |
| Underfamilie: | Tetraoninae | |
| Slekt: | Lagopus | |
| Art: | L. lagopus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Lagopus lagopus | ||
| Lirype | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Nordsamisk | Rievssat |
| Svensk | Dalripa |
| Dansk | Dalrype |
| Engelsk | Willow Grouse, Willow Ptarmigan |
| Tysk | Moorschneehuhn |
| Fransk | Lagopède des saules |
| Spansk | Lagópodo común |
| Russisk | Belaja kuropatka (Белая куропатка) |
Lirypa (Lagopus lagopus) er ein rypeart av skogshøns. Lirypa vert ogso kalla for skogsrype.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Høne og stegg (hannfuglen) er om lag jamnstore. Vaksne fuglar veg 500-600 gram og har ei lengd på 40 cm. Dei har brunspragla fjørdrakt, steggen ein mørkare raudbrun farge på brystet og halsen. Halefjøra er svarte, men dekkfjøra over desse har same vernefarge som ryggen. Vengjene, buken og føtene er kvite. Om vinteren har fuglen kvit drakt, men halefjøra og nebbet er fortsatt svart.
Lirype kan forvekslast med fjellrype, men skil seg frå denne på kraftigare kroppsbygnad og tjukkare nebb (ved rota 12–14 mm høgt, berre 8–9 med fjellrypa), vidare på sommardrakta er det ein meir raud-brun farge, ho har annleis låt og annleis tilhaldsstad. Vinterdrakta er snøkvit med svart stjert.
Vårdrakta til hannen er fullt utvikla i mai: det mørke kanstanjebrune på hovudet, hals og ho region teiknar seg skarpt mot den elles snøkvite kroppen. I augene er det blodfylte kammar. I sommardrakt er kjønna om lag like, dei er brun-svart-kvit-spraglete med kvite venger og svart stjert. Haustdrakta liknar sommardrakta. Ungfuglen liknar dei vaksne i sommardrakta.
Forplanting [endre]
Lirypa er monogam og begge partane tar del i oppføinga av kyllingane. Høna legg 8–12 egg i mai/juni. Desse har ei rugetid på om lag 20–21 dagar. Hannen hevdar paringsrevir.
Reiret er oftast skjult i kratt, og ein fordjuping i bakken fôrast oftast med gammalt gras og lauv. Oftast legg ho 8-12 egg i mai-juni. Hoa rugar 20-21 døger, eller held seg i nærleiken. Ungane kan fly litt allereie når dei er 8-9 dagar gamle.
Åtferd [endre]
Rypene held seg i kull om hausten. Utover seinhausten og vinteren går dei i større flokkar. I snøvêr, kuldeperiodar og dårleg ver, grev dei seg ned i snøen.
Når hannen stikkast frå bakken kan ein høyra eit kraftig skrattande «errrrr rakk gakk gakk». I paringstida seier dei: «kopakk kopakk pakk pakk akka hahaha». Hoa svarar nasalt «nja nja».
Utbreiing [endre]
Lirypa finst over heile landet og held seg i vierbeltet og det øvre bjørkeområdet. Ho er eit ynda jaktobjekt, og om lag 1/3 av individa som vert felt i jakt i Noreg er lirype.