Lisbet Nypan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lisbet Nypan
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1610
Hølonda kommune
Død

september 1670 (60 år)
Trondheim

Yrke forretningsdrivande, cunning folk
Straff dødsstraff
Lisbet Nypan på Commons

Lisbet Persdotter Nypan (ca. 16101670) var ei norsk kvinne frå Leinstrand i Sør-Trøndelag. Ho var ei av dei siste om vart avretta for trolldom i Noreg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lisbet var gift med bonden og skysskaffaren Ola Nypan (ca 1602–1670), som vart dømd til døden ved halshogging ved den same prosessen. Paret hadde minst tre vaksne born då dei vart avretta. Dette var truleg den nest siste heksedommen i Noreg der dødsstraff vart brukt. Saka mot Lisbet og Ola er ein dei mest kjende hekseprosessane i Noreg, spesielt fordi saka deira er den einaste norske heksesak som er omtalt i Rossell Hope Robbins’ encyclopedia of Witchcraft and Demonology frå 1959.

Tiltalane mot Lisbet og Ola byrja eigenrleg då dei sjølv hevda at dei var vorte utsett for ærekrenkingar, men saka vart fort vend mot dei. Dette førte til forhøyr på Leinstrand og seinare i Lagtingshuset i Trondheim. Forhøyra varte frå mars til september 1670.

Skuldingar[endre | endre wikiteksten]

I følgje vitneutsegnene hadde Lisbet heilt frå 1640-åra hatt ry som ei «klok kone» som kunne lækje folk, og ofte kom det folk til henne med sjukdom og lidingar. Metodane ho brukte var ei blanding av kristen tru, svartekunst og naturmedisin. Ein av metodane hennar var å «lese i salt», som var ein gammal folketradisjon. Ho las vers over saltet, som etterpå vart ete av pasienten. Fleire av vitna hevda at dei var blitt betre med hjelp frå Lisbet. Fire av versa hennar vart nedskrivne og er tekne vare på i sakspapira. Eit av versa som vart brukt av Lisbeth og målbore under prosessen mot henne lyder som følgjer:

For Reene
Jesus reed over de He, han steed udaf
og lagde i Leg, Herren i Hou og Huud med Ben
heelt siden som før. Guds Ord. Amen.[1]

Lisbet tok betalt for tenestene sine, noko som gjorde folk mistenksame, dei var redde for at ho sette sjukdom på folk for å tene pengar. Når folk eller dyr vart sjuke, byrja rykta difor lett å gå. Det gjorde ikkje saka betre at Ola ofte minte folk på kven han var gift med, når han kom opp i krangel. Lisbet innrømde for retten at ho hadde brukt Guds namn for å lækje folk, men ho hadde aldri brukt evnene sine til å skade nokon. Ho meinte at ho og mannen var blitt offer for løgn og sladdar. Retten trudde henne ikkje, men hevda at ho brukte bønene til dyrking av Satan og ikkje Gud.

Dødsdom[endre | endre wikiteksten]

Sokneprestein i Leinstrand, Ol Mentsen, og futen Hans Evertsen Meyer (1615-1688) freista å overtale paret til å tilstå. Men paret heldt fast på standpunktet sitt utan å vise noka vedgåing eller anger, sjølv etter fengsling og tortur, noko som vart oppfatta som forakt for retten og som sannsynlegvis bidrog til den strenge straffa. I domen står det at dei ikkje kunne kome med «den rette tilståelsen» på grunn av det tette sambandet sitt med Djevelen. Dommar Willem Knutsen og retten såg på Lisbet som meir skyldig i trolldom enn Ola. Difor vart ho dømd å bli brent levande på stake, medan mannen vart dømd til halshogging. Domen vart stadfesta av lagmann Hans Mortensen Wesling (1620-1671) 5. september 1670, og fullbyrda i løpet av september. Kjeldene spriker når det gjeld akkurat staden Lisbet vart brent. Nokre seier at avrettinga fann stad ved muren til erkebispegarden, andre på fisketorget, medan andre igjen seier at ho vart avretta på Galgeberget i Ila, utanfor byen. Lisbet Nypan var rundt 60 år då ho vart avretta, og mannen rundt 67 år.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

17. mai 2005 vart det avduka ein skulptur for å minnast Lisbet Nypan på Nypvang skule i Leinstrand. Han er utforma av Steinar Garberg. Lisbet Nypan har òg fått ein veg på Kattem oppkalla etter seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Lisbet Nypan» frå Wikipedia på bokmål, den 14. februar 2010.
  • Hagen, Rune Blix: Hekser - Fra forfølgelse til fortryllelse, Oslo 2003
  • Hagen, Rune Blix: ”Nypan, Lisbet”; i: Norsk biografisk leksikon 2. utg., 7. bd, Oslo 2003
  • Trondheim byleksikon
  • www.trondheim.com: «Trondhjemmere før oss. Lisbeth Nypan»
  • Rune Blix Hagen: «Norwegian witches: Lisbet Pedersdatter Nypan», 2005
Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]