Lisbeth Berg-Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lisbeth Berg-Hansen (fødd 14. mars 1963) er ein norsk næringsdrivande og politikar som representerer Arbeiderpartiet. Ho er frå Bindal kommune i Nordland, der ho har vore lokalpolitikar. Ved Stortingsvalet 2009 var Berg-Hansen Arbeidarpartiet sin sjettekandidat i Nordland.

Ho blei utnemnd til statsråd og sjef for Fiskeri- og kystdepartementet (Fiskeri- og kystminister) i Jens Stoltenberg si andre regjering 20. oktober 2009[1].

Lisbeth Berg-Hansen har bakgrunn frå havbruksnæringa, og er eigar i oppdrettsselskapet Sinkaberg-Hansen AS. Ho er styremedlem i Høgskolen i Bodø, Aker Seafoods og Fosen Trafikklag, og har vore visepresident i NHO i perioden 2004-08. Fram til 2005 var ho styreleiar i Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL).

I 2000-01 var Berg-Hansen statssekretær ved Statsministerens kontor, hos Jens Stoltenberg. Ho har også vore politisk rådgjevar i Fiskeridepartementet 1992-96.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]