Lise-Marie Morerod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lise-Marie Morerod


Statsborgarskap Sveits
Fødd 16. april 1956 (68 år)
Lausanne
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1976

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits

Lise-Marie Morerod (fødd 16. april 1956) er ein sveitsisk, tidlegare skirennar frå landsbyen Les Diablerets i Ormont-Dessus i kantonen Vaud. Ho var verdas beste kvinnelege skialpinist i 1977, då ho vann verdscupen i alpint. Gjennom sine år som aktiv vann ho 24 verdscuprenn; 10 i slalåm og 14 i storslalåm. 41 gongar kleiv ho opp på pallen, meir enn halvparten av gongane etter storslalåmtevlingar. Frå verdsmeisterskapa 1974 og 1978 fekk ho med seg høvesvis ein bronse- og ein sølvmedalje.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Morerod vart sveitsisk meister i storslalåm i 1972, knapt 16 år gammal. Marie-Theres Nadig, som ein månad i førevegen hadde vorte olympisk meister i både storslalåm og utfor under Vinter-OL 1972 i Sapporo, hamna bak henne på resultatlista.

Morerod debuterte i verdscupen i alpint i 1973. Hennar besteresultat i debutsesongen var sjetteplassen i avslutningsrennet i storslalåm i Heavenly Valley i USA. Gjennombrotet kom i 1974 då ho to gongar kom på andreplass i storslalåmrenn i verdscupen, det første vart avvikla i Pfronten. Det var likevel ei stor overrasking at ho vann bronsemedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz. Samanlagt i verdscupen kom ho på åttandeplass. I 1975 kom hennar første siger i verdscupen, eit slalåmrenn i Garmisch-Partenkirchen.

I 1976 kom Morerod på andreplass i verdscupen i alpint, berre Rosi Mittermaier frå Vest-Tyskland var betre enn henne. Under vinter-OL i Innsbruck kom Morerod på fjerdeplass i storslalåm. Sesongen etter, 1977, vann ho åtte verdscuprenn og vart den første sveitsiske kvinna som vann verdscupen i alpint. Samstundes vann ho både slalåmcupen og storslalåmcupen.

Morerod fekk sølvmedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen, fem hundredels sekund bakom vest-tyske Maria Epple. I storslalåmtevlinga vart ho nummer 7. I verdscupen kom ho den sesongen på tredjeplass, og vann storslalåmcupen for tredje sesong på rad.

Morerod vart sveitsisk dobbelmeister i slalåm og storslalåm i 1974, 1975, 1977 og 1978.

22. juli 1978 vart Morerod alvorleg skadd i ei bilulykke ved Vernayaz. Med brotskadar og alvorlege hovudskadar låg ho tre veker i koma, og låg på sjukehus i seks månader. Ho gjorde comeback i 1979/80-sesongen, men ellevteplassen under storslalåmrennet Megève vart hennar beste resultat i verdscupen. Ved sesongslutt la ho opp som aktiv alpinist, etter råd frå legar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]