Lise Christoffersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lise Christoffersen

Fødd5. august 1955 (68 år)
Drammen kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Drammen videregående skole
VervOrdførar i Drammen 1995-2003
FøregangarTurid Iversen
EtterfylgjarTore Opdal Hansen
Alle verv

Lise Christoffersen (fødd 5. august 1955 i Drammen) er ein norsk politiar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 2005 og vald på nytt ved stortingsvalet 2009. Lise Christoffersen er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo 1989 og har tidlegare arbeidd som forskar, lengst ved Institutt for sosialforsking, INAS. Ho var seniorrådgivar i rådgivingsselskapet Asplan VIAK AS 2003-2005.

Christoffersen var ordførar i Drammen frå 1995 til 2003, varaordførar 1992-95. Ho var medlem av Drammen bystyre 1980–2003, og formannskap (1984–2003). I 2003 tok Lise Christoffersen, på vegner av kommunen, imot den prestisjetunge Bymiljøprisen som var utdelt av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik.

Ho var medlem av Planlovutvalet som i 2003 gav ho si siste delinnstilling til ny plan- og bygningslov. Christoffersen har verv i styret for Strømsgodset sidan 2003.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]