Lislfjorden

Koordinatar: 65°31′19.445″N 12°35′14.071″E / 65.52206806°N 12.58724194°E / 65.52206806; 12.58724194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°31′19.445″N 12°35′14.071″E / 65.52206806°N 12.58724194°E / 65.52206806; 12.58724194 Lislfjorden eller Lessfjorden er ein fjordarm av Storfjorden og Velfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 2,5 km austover til Lessfjorddalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Sildkovodden i nord og Vikodden i sør. På sørsida ved innløpet ligg dei veglause gardane Engelsneset og Solvang. Sildkovan ligg på nordsida.