Listasavn Føroya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Detalj frå bykart over Tórshavn, museéet er markert med raudt

Listasavn Føroya er det nasjonale kunstmuséet i TórshavnFærøyane, og har den største utstillinga nokon stad av færøysk kunst.

Muséet — som vart oppretta i 1989 — består av eit kunstgalleri, Listaskáli som vart bygd i 1970, og det nye muséumsgalleriet frå 1993 med ei grunnflate på 1 600 . Arkitekten bak bygget er Jákup Pauli Gregoriussen.

Listasavn Føroya på eit frimerke, 1995.

Muséet ligg i nordenden av byparken i Tórshavn, ikkje langt unna Nordens Hus.

Utanom den faste utstillinga er det særutstillingar av internasjonal kunst og konsertar. Kunstmuséet dannar også ramma kring det færøyske kunstselskapet Listafelag Føroya. Her har lokale og internasjonale kunstnarar ein grafisk verkstad til rådvelde.

Muséet vert drive som ein uavhengig institusjon styrt av ei firetalig forsamling med ein representant høvesvis frå Lagtinget, det færøyske kunstselskapet, kunstnarforeningen og byrådet i Tórshavn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]