Listeført kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei listeført kyrkje er av Riksantikvaren vurdert som eit verneverdig kulturminne. Kyrkja er ikkje freda, men alle saker som gjeld endringar i, eller ved, ei listeført kyrkje, også istandsettings- og vedlikehaldstiltak, skal sendast til Riksantikvaren for fråsegn. Kyrkjeleg fellesråd sender søknad via biskopen til Riksantikvaren. Riksantikvaren gir faglege råd om endringar eller vedlikehald, men det er biskopen som gir endeleg vedtak etter kyrkelova.

Alle kyrkjer bygd mellom 1650 og 1850 er listeførte. Ei rekke kyrkjer bygd etter 1850 er også listeførte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]