Listerbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Man kunde sige, at Listerbåden er en ny race, fremkommen ved krydsning af to ældre racer, Østlands- og Hardanger-båden, og at den nye race, formedelst et heldigt udvalg af de andre gode egenskaber overgå sin forgjængere, og altså med fordel kan bruges til model for disse og igjen bidrag til deres foredling

Listerbåt er ein båttype som vart skapt på Lista i første halvdel av 1800-talet. Båtbyggaren Gjert Gunnarson tok til å bygge båtar som hadde eigenskapar både frå vestlandsbåtar frå Hardanger og austlandsbåtar frå Søgne. Han gjorde fleire forsøk for han kom fram til den båttypen som har vorte ståande som listerbåten. Desse båtane vart bygde i ulike storleikar, frå små sjekter til dei store listerskøytene. Gjert Gunnarson brydde seg ikkje om å ta lærlingar til å føre kunnskapen vidare. Andre båtbyggarar fann likevel ut korleis han bygde båtane. Ein som og bygde listerbåtar var Ola Stave. Han har fått æra av at kunsten å bygge listerbåtar har vorte ført vidare.[1]

Etter kvart sette båtbyggarane vaterbord på listerbåtane. Det er uvisst om det var Gjert Gunnarson som tok til med dette. Listerbåten vart rigga med sprisegl.

Listerbåten var like brei som tradisjonelle austnorske båtar, om lag 1/3 av lengda. Men han var skarpare i endane og hadde større spring. Listerbåten vart ein populær båt utanom Lista. Til garnfiske av sild som i siste del av 1800-talet vart viktig på Vestlandet, vart ofte listerbåten brukt i staden for dei meir tradisjonelle vestlandsbåtane, som var spinklare. Nordover på Vestlandet og i Nord-Noreg vart desse båtane rigga med gaffelrigg. Til Lofoten kom første listerskøyta i 1863 og til Aust-Finnmark i 1866.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eilert Sundt, Det norske arbeide- Listerbåden, Folkevennen, Bd. 14, 1865.
  2. Odd Solhaug: Det var en gang... 'Fiskerinæringa i Finnmark Emnehefte nr.4 Skoledirektøren/Høgskolen i Finnmark 1977