Liston-kniv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein lege svingar Liston-kniven medan pasienten blir holdt nede på bordet for amputasjon. Frå ein medisinsk militærleir i Gettysburg i Pennsylvania.

Liston er ein type kirurgisk kniv som blir brukt ved amputasjon.

Kniven er oppkalla etter den skotske kirurgen Robert Liston.[1] Liston blei kjend for sine evner i tida før anestesi, der snøggleik spelte ei kritisk rolle med omsyn til smerte og overleving. Kniven var laga av dugeleg metall og hadde ei typisk bladlengd på 15–20 cm. Kirurgiske amputasjonsknivar kom i mange former og variantar, og utviklinga såg markante framsteg mellom 1840 og Den amerikanske borgarkrigen. Desse endringane spegla seg i dei tekniske framstega som utvikla seg hjå kirurgane på denne tida.

Amputasjonsknivar frå 1700 til 1840 er særmerkte ved ei nedovervendt krumming i knivbladet. Fram mot 1870 blei amputasjonsknivane rettare og meir like dei europeiske variantane, slik som Liston-kniven.

Tidlegare knivskaft, særleg dei før 1850, hadde ofte mykje større og tyngre samansetnad. Etter Den amerikanske borgarkrigen i 1865, og slutten av Krimkrigen i 1856, blei dei vanlegare å lage smalare og meir lettvektige knivar.

Mykje av historia om amputasjonsknivar kjenner ein frå den amerikanske boka Handbook of Surgical Operations, som blei skriven under Den amerikanske borgarkrigen av legen Stephen Smith. Boka innehaldt også ei rekkje teikningar.

Liston-kniven er ofte tilknytt Jack the Ripper, fordi den er nemnd i romanen From Hell av Alan Moore og Eddie Campbell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kirurgiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.