Litauisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Litauisk
(Lietuvių)
Klassifisering: Indoeuropeiske språk
 Baltisk
  Litauisk
Bruk
Tala i: Litauen
Område: Baltikum
Litauisktalande i alt: 3 154 180[1]
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: Latinsk
Språkkodar
ISO 639-1: lt
ISO 639-2: lit
ISO 639-3: lit

Litauisk er liksom latvisk eit baltisk språk, og det blir tala av 4 millionar menneske, av dei 3 millionar i Litauen. Det blir sett på som eit av dei moderne indoeuropeiske språka som ligg nærast det opphavlege indoeuropeiske språket, særleg når det gjeld intonasjon og aksent. Dette, og det at litauisk i så liten grad har vorte påverka av andre språk, gjer at litauisk har stor verdi innan den samanliknande språkforskinga.

Det litauiske språket kan sjåast som eit godt døme på at utryddingstrua språk faktisk kan styrkje seg att. For vel hundre år sidan var litauisk på veg å bli borte.

Det finst to større litauiske dialektar, kalla augstaitiskan og zemaitiskan (den sistnemnde i nordvest-Litauen). Den førstnemnde ligg til grunn for skriftspråket. Denne dialektkløyvinga skal ha skjedd alt på 1400-talet.[1]

Litauisk brukar det latinske alfabetet, med nokre tillegg av diakritiske teikn. Litauisk har to grammatikalske kjønn, manglar artiklar, og har åtte kasus (fall). På grunn av alle kasusa, har ordstillinga ikkje noko å seie for meininga, og kan variere mykje.

Litauisk vart eit skriftspråk først på 1500-talet, derfor er den tidlege historia lite kjend. Syntaksen skal vere påverka av latin og polsk. I dag kan nær alle litauarar lesa og skriva.

Eit fenomen i litauisk namneskikk er dét at familienamnet til kvinnene får ulik form slik: Ugifte kvinner har familienamn på -aite, -yte, -iute, som utgår frå etternamnet til faren, og gifte kvinner har familienamn på -iene, som utgår frå etternamnet til ektemannen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Baltiske språk
Latvisk | Litauisk | Gammalprøyssisk
Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.