Liten storm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verknaden til liten storm på havet

Liten storm er vindstyrke 9 i Beaufortskalaen og den svakaste av stormkategoriane. Vindsnøggleiken er då 20,8–24,4 m/s eller 76-87 km/t. I eldre sjønemning heitte vindstyrken storsegls kuling.

Verknader[endre | endre wikiteksten]

Land[endre | endre wikiteksten]

Heile store tre svaiar og hiv på seg. Takstein kan blese av.

I fjellet[endre | endre wikiteksten]

Vind og snøfokk gjer det umogeleg å ta seg fram på ski over fjellet. Sjølv i klårvêr og lite snøfokk kan påkjenninga bli så stor at ei snøhole eller ei hytte er einaste redning.

På sjøen[endre | endre wikiteksten]

Vinden skapar høge bølgjer (7-10 m). Tette skumstrimer driv i vindretninga. Sjøen byrjar å rulle, og sjørokket kan føre til nedsett sikt.

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Språk Namn
Svensk Mycket hård vind (på land), halv storm (til sjøs)
Dansk Stormende kuling
Færøysk Stormur
Islandsk Stormur
Engelsk Strong gale

Kjelder[endre | endre wikiteksten]