Litomyšl
| Litomyšl | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Marknadsplassen | |||||
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land Kraj |
Tsjekkia Pardubice |
||||
| Første nemnd i | 981 | ||||
| Borgarmeister | Michal Kortyš | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
33,45 km² |
||||
| Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
10 231 306/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 330 m | ||||
| Diverse anna | |||||
| Postnummer | 030 92 - 570 01 | ||||
| Nettstad: www.litomysl.cz | |||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
Litomyšl (tysk Leitomischl) er ein by og ein kommune i regionen Pardubice i Tsjekkia. Litomyšl ligg aust i Böhmen og tok form på 1200-talet der det tidlegare hadde vore ein festningsbusetnad langs Trstenice-vegen – ei viktig handelsrute mellom Böhmen og Mähren.
Litomyšl er kanskje mest kjend for det monumentale renessanseslottet oppført i åra 1568 - 1581. Bygningane på slottsområdet er eksepsjonelle på grunn av deira arkitektoniske prakt. Samstundes var dei òg fødestaden til den tsjekkiske komponisten Bedřich Smetana. På den utstrekte plassen, ein av dei lengste i Tsjekkia, finst eit rådhus oppført i gotisk arkitektur og ei rekkje hus i renessanse- og barokk stil. Mange av desse har vakre arkadar og kvelva rom på gateplan. Eitt av dei viktigaste husa er U Rytířů med sine flotte fasadar.
Historisk har byen òg vore kjend som eit viktig religiøst senter. Det var i Litomyšl i 1344 at det andre bispedømet i Böhmen vart oppretta, sjølv om dette enda i løpet av hussitarkrigane. På 1800-talet spelte Litomyšl grammatikkskule ei viktig rolle.
Dei kulturelle tradisjonane i byen strekkjer seg langt utover dei regionale og nasjonale grensene. Det praktfulle interiøret i slottet, særleg det barokke slottsteateret, amfiteateret i slottsparken og huset til Smetana tilbyr alle varierte konsertprogram og teateroppføringar. I 1994 møtte dei sju sentraleuropeiske presidentane kvarandre i slottet. Slottet vart i 1999 innskrive på verdsarvlista til UNESCO.
Kjende personar med tilknyting til Litomyšl [endre]
Litomyšl er fødebyen til Bedřich Smetana, (1824 - 1884), komponist, Arne Novák, kritikar og litteraturhistorikar og Hubert Gordon Schauer, litteraturkritikar.
Magdalena Dobromila Rettigova - forfattar av den første tsjekkiskspråklege kokeboka - budde her frå 1834 til ho døydde i 1845.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Litomyšl» frå Wikipedia på bokmål, den 17. november 2008.