Little River på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Little River
by
Land  New Zealand
Folketal 1 026  (2006[1])
Tidssone +12
Kart
Little River på New Zealand
43°46′16″S 172°47′24″E / 43.771°S 172.79°E / -43.771; 172.79
Wikimedia Commons: Little River, New Zealand
Velkomstskilt framfor godsskuret på den tidlegare Little River jarnvegsstasjon.

Little River er ein busetnad på Bankshalvøya i regionen CanterburySørøyaNew Zealand.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Little River ligg om lag 30 minuttar køyretur frå Akaroa på Bankshalvøya, som er eit viktig turistmål på Sørøya, og 45 minuttar med bil frå Christchurch. Busetnaden ligg ved riksvegen State Highway 75, som bind saman Christchurch og Akaroa. Little River er eit populært utgangspunkt for fotturar og mountain biking.

Vegen frå Christchurch ligg i havnivå, men straks etter at han passerer Little River stig han bratt og svingar seg oppetter til toppen av Summit Road. Frå det høgaste punktet, ved Hilltop, er dei fleste av vikene og buktene på halvøya tilgjengelege på like bratte og svingete vegar ned til dei.

Rail Trail[endre | endre wikiteksten]

Little River Rail Trail er ein gang- og sykkelsti som opna i 2006, og som for ein stor del følgjer den nedlagde jarnvegslinja Little River Branch, ei sidelinje som gjekk til Little River frå linja Southbridge Branch i Lincoln. Dette sidesporet, som vart opna til Little River den 11. mars 1886, la ned passasjertrafikken 14. april 1951, og stogga all trafikk 30. juni 1962. Mellom 1927 og 1934 vart passasjertrafikken på Little River-linja utført med den eksperimentelle og populære batteridrivne linjebussen Edison battery-electric railcar, den einaste av den typen som nokon gong vart bygd.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I førstninga av 1900-talet var folketalet fleire tusen, og dei fleste var sysselsette innan skog- og landbruk, eller hadde arbeid på sagbruk.

I dag er folketalet kring 1 000 menneske,[1] og mange har flytta til området for å finna ein meir landleg livsstil.

Landbruks- og dyreutstilling[endre | endre wikiteksten]

I januar kvart år vert det halde landbruks- og dyreutstilling i Little River (Little River Agricultural and Pastoral Show). Denne trekkjer til seg mange tilreisande så vel som utstillarar og deltakarar i hestesporttevlingar, og talrike utstillingar av sauer, kveg, hundetevlingar, heimeindustri, plantar og blomar og matlaging.[3]

Vassvegar[endre | endre wikiteksten]

Little River ligg i ein djup dal, og talrike bekkar og småelver renn saman og dannar elvene Okana og Okuti, som også renn saman før dei munnar ut i Forsythsjøen (Wairewa). Innsjøen, elvene og bekkane er rike på aure, abbor og ål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]