Little Saint Nick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Little Saint Nick»
Singel av The Beach Boys
frå albumet The Beach Boys' Christmas album
Utgjeve 2. desember 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:00
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Be True to Your School»
(1963)
«Little Saint Nick» «Fun, Fun, Fun»
(1964)

«Little Saint Nick» er ein julesong skriven av Brian Wilson og Mike Love og framført av The Beach Boys. Han vart først gjeven ut som singel i desember 1963, og nådde nummer tre på julelistene. Ei nyinnspeling av songen kom ut på The Beach Boys' Christmas album i 1963. Songen låner rytme og struktur frå hitten deira «Little Deuce Coupe» frå 1963.

Songen er ei lettlyndt skildring av den amerikanske julenissen og sleda hans, som i songen blir kalla «vesle Saint Nick».[1] Songen vert stundom feilaktig kalla «Run Run Reindeer» på grunn av teksten i mellomspelet.

«Little Saint Nick» har vorte spelt inn fleire gonger av andre artistar, mellom anna John Denver and the Muppets (1979), Hanson (1997), Sugar Ray (2001) og McFly (2004). Songen er òg nytta i ein Coca-Cola-reklame. I 2005 spelte Brian Wilson songen inn på nytt for juleplata si What I Really Want for Christmas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]