Liu Xiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liu Xiang


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 13. juli 1983 (40 år)
Putuo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Asialeikene 2002, Asialeikene 2006, Asialekene 2010

Liu Xiang (fødd 13. juli 1983) er ein kinesisk tidlegare friidrettsutøvar frå Shanghai som internasjonalt tevla på 110 meter hekk. Han vart olympisk meister 2004 og verdsmeister 2007 i øvinga, og sette i 2006 verdsrekord med tida 12,88 sekundar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 2002 slo Liu gjennom ved å vinne 110 meter hekk i det fyrste IAAF Grand Prix-stemnet i Lausanne med asiatisk rekord på 13,12. Same året vann han øvinga under Asia-meisterskapen i Busan, ein prestasjon han gjentok i 2006 og 2010.

Liu tok bronsen på 110 meter hekk under friidretts-VM 2003. I mai 2004 slo han verdsmeisteren Allen Johnson i samløp ved eit IAAF-stemne i Osaka, og forbetra asia-rekorden til 13,06. Under dei olympiske leikane 2004 i Aten var han heilt suveren og vann gullmedaljen i 110 meter hekk på tida 12,91 sekundar, tangering av Colin Jackson sin elleve år gamle verdsrekord. OL-gullet var det fyrste vunne av ein mannleg kinesar i friidrett.

I 2005 kom Liu på sølvplassen på 110 meter hekk under VM i Helsinki, ein hundredels sekund bak franske Ladji Doucouré og to hundredelar framom Allen Johnson. Den 11. juli 2006 sette Liu ny verdsrekord med tida 12,88 sekundar under eit stemne i Lausanne. Rekorden stod i tett på to år, til dess kubanske Dayron Robles kom i mål på 12,87 i eit stemne i Ostrava.

Under VM i friidrett 2007 i Osaka gjorde Liu eit av sine beste hekkeløp og vann VM-gullet på tida 12,95, med USA-amerikanarane Terrence Trammel og David Payne hakk i hæl. Dei neste sesongane var han plaga med skadar. Den 18. august 2008 møtte han likevel til start i Sommar-OL i Beijing, men ein skade i akillessenen gjorde det håplaust å springe, så han trekte seg ved start.

I 2011 fekk Liu sølvmedaljen på 110 meter hekk under friidretts-VM i Daegu, etter at fyrstemann Dayron Robles vart diska for å ha hindra ein konkurrent. I OL-sesongen 2012 fekk Liu notert 12,87 i Prefontaine-stemnet i byen Eugene, men tida vart ikkje godkjend som verdsrekordtangering, då det var vel mykje medvind. Han fall i kvalifiseringa under OL i London.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]