Live From Madison Square Garden av Eric Clapton og Steve Winwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Live From Madison Square Garden
Konsertalbum av Eric Clapton & Steve Winwood
Utgjeve 19. mai 2009
Innspelt 25. til 28. februar 2008
Sjanger Blues/Rock
Lengd 129:09
Selskap Warner Bros.
Kritikk
Eric Clapton-kronologi
Complete Clapton
(2007)
Live From Madison Square Garden Clapton
(2010)
Steve Winwood-kronologi
Nine Lives
(2008)
Live From Madison Square Garden

Live from Madison Square Garden er eit dobbelt konsertalbum av Eric Clapton og Steve Winwood som kom ut 19. mai 2009[1]. Albumet består av konsertopptak frå konsertane til Clapton og Winwood i Madison Square Garden i februar 2008.

Konsertane vart ikkje marknadsførte som offisielle Blind Faith-konsertar, men som «Winwood and Clapton». Dei spelte derimot hovudsakleg Blind Faith-songar, samt utval av songar frå Traffic, Derek and the Dominos, solokarrieren til Clapton og nokre Jimi Hendrix-songar. Bandet bestod av Willie Weeks på bass, Ian Thomas på trommer og Chris Stainton på klaverinstrument.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Winwood og Clapton kryssa musikalske stiar i 1969 då dei danna Blind Faith, eit band som var pionerar innan blandinga av rock og blues og som vart ein stor suksess både på plate og på konsertar. Trass i kritikarros og høge salstal, varte ikjke bandet lenge og gav berre ut eitt album og gjorde ein kort turne i 1969. Sidan den siste konserten i 1969 har Winwood og Clapton vore vener, men har berre spelt i lag eit fåtal gonger i løpet av åra. I 2008 var det første gong Clapton og Winwood spelte heile konsertar i lag på nesten 40 år.

Turne[endre | endre wikiteksten]

Den 11. februar 2009 annonserte paret at dei skulle vitja 14 byar i USA, og turneen starta 10. juni 2009 i East Rutherford i New Jersey. Med seg på turneen hadde dei Chris Stainton (klaverinstrument), Willie Weeks (bass), Abe Laboriel, Jr. (trommer), samt korvokalistane Sharon White og Michelle John.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Disk ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Had to Cry Today»   Steve Winwood 7:47
2. «Low Down»   J.J. Cale 4:10
3. «Them Changes»   Buddy Miles 5:10
4. «Forever Man»   Jerry Williams 3:33
5. «Sleeping in the Ground»   ) 4:50
6. «Presence of the Lord»   Eric Clapton 5:23
7. «Glad»   Steve Winwood 4:13
8. «Well All Right»   Jerry Allison/Buddy Holly/Joe Mauldin/Norman Petty 5:35
9. «Double Trouble»   Otis Rush 8:06
10. «Pearly Queen»   Jim Capaldi/Steve Winwood 6:10
11. «Tell the Truth»   Eric Clapton/Bobby Whitlock 6:42
12. «No Face, No Name, No Number»   Jim Capaldi/Steve Winwood 4:09
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «After Midnight»   J.J. Cale 4:45
2. «Split Decision»   Joe Walsh/Steve Winwood 6:25
3. «Rambling on My Mind»   Robert Johnson 4:01
4. «Georgia on My Mind»   Hoagy Carmichael/Stuart Gorrell 5:05
5. «Little Wing»   Jimi Hendrix 6:42
6. «Voodoo Chile»   Jimi Hendrix 16:23
7. «Can't Find My Way Home»   Steve Winwood 5:33
8. «Dear Mr. Fantasy»   Jim Capaldi/Steve Winwood/Chris Wood 7:41
9. «Cocaine»   J.J. Cale 6:41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]