Live Licks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Live Licks
Konsertalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 1. november 2004
Innspelt 4. november 2002-
18. januar 2003-11. juli 2003-24. august 2003
Sjanger Rock
Lengd 109:19
Selskap Virgin
Produsent Don Was og
The Glimmer Twins
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
No Security
(1998)
Live Licks A Bigger Bang
(2005)

Live Licks er eit dobbelt konsertalbum av The Rolling Stones frå 2004. Det kom ut seks år etter det førre konsertalbumet, No Security, og var det sjuande offisielle konsertalbumet til Rolling Stones. Opptaka er frå Licks-turneen i 2002-2003 som kom etter samleplata Forty Licks.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Som eit dobbelt album valde bandet å dele dei to diskane inn i to kategoriar, dei velkjende klassikarane, og dei mindre kjende songane. Av spesielle gjesteartistar finn ein Sheryl Crow på «Honky Tonk Women», medan Solomon Burke syng på sin eigen «Everybody Needs Somebody to Love», som The Rolling Stones opphavleg spelte på The Rolling Stones No. 2 i 1965.

Live Licks kom ut i november 2004 og fekk særs god kritikk. Enkelte meldarar kalla albumet det beste konsertalbumet deira sidan 'Get Yer Ya-Ya's Out!' frå 1970. Albumet selde òg betre enn No Security frå 1998, med ein 38. plass i Storbritannia og 50. plass i USA. I Noreg enda albumet på 38. plass.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Disk ein
# Tittel Lengd
1. «Brown Sugar»   3:50
2. «Street Fighting Man»   3:43
3. «Paint It, Black»   3:45
4. «You Can't Always Get What You Want»   6:46
5. «Start Me Up»   4:02
6. «It's Only Rock 'n' Roll (But I Like It)»   4:54
7. «Angie»   3:29
8. «Honky Tonk Women»   3:24
9. «Happy»   3:38
10. «Gimme Shelter»   6:50
11. «(I Can't Get No) Satisfaction»   4:55
Disk to
# Tittel Lengd
1. «Neighbours»   3:41
2. «Monkey Man»   3:41
3. «Rocks Off»   3:42
4. «Can't You Hear Me Knocking»   10:02
5. «That's How Strong My Love Is» (Roosevelt Jamison) 4:45
6. «The Nearness of You» (Hoagy Carmichael/Ned Washington) 4:34
7. «Beast of Burden»   4:09
8. «When the Whip Comes Down»   4:28
9. «Rock Me Baby» (B.B. King/Joe Bihari) 3:50
10. «You Don't Have to Mean It»   4:35
11. «Worried About You»   6:01
12. «Everybody Needs Somebody to Love» (Solomon Burke/Jerry Wexler/Bert Russell) 6:35
13. «If You Can't Rock Me» (Japansk bonusspor) 2:48

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]