Live in London av The Beach Boys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Live in London
Konsertalbum av The Beach Boys
Utgjeve mai 1970
Innspelt 8. desember 1968 i Finsbury Park Astoria, London
Sjanger Rock
Lengd 34:03
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
20/20
(1969)
Live in London Sunflower
(1970)

Live in London (Beach Boys '69 i Nord-Amerika) er eit konsertalbum av The Beach Boys, opphavleg gjeve ut av EMI i Storbritannia i mai 1970 og i USA via Capitol Records den 15. november 1976.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

1968 var eit vanskeleg år for The Beach Boys i heimlandet der det hadde gått kraftig nedover med karrieren deira. I Europa hadde dei framleis eit sterkt fotfeste, noko dette konsertalbumet syner. Konserten vart halde medan dei heldt på med innspelinga av 20/20. Etter at samlealbuma Endless Summer og Spirit of America overraskande gjorde det bra i 1974 og 1975, vart the Beach Boys igjen populær i heimlandet, særleg på konsertane deira. Det var på denne tida Capitol valde å slå til å smi medan jarnet var varmt. Dei gav ut albumet under eit nytt namn, Beach Boys '69, trass i at albumet faktisk var spelt inn i desember 1968. The Beach Boys sitt eige selskap hadde nettopp gjeve ut det doble konsertalbumet The Beach Boys in Concert, men Beach Boys '69 klarte likevel å oppnå suksess og nådde 75. plass hausten 1976. Den britiske utgåva nådde ikkje albumlista i Storbritannia.

Ein trur at The Beach Boys skulda Capitol eit album til før kontrakten deira var over, så dei gav ut dette konsertalbumet for å ende kontrakten. Albumet kom ut på CD i 1990 (og igjen i 2001) i lag med konsertalbumet frå 1964, Beach Boys Concert.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Darlin'»   2:41
2. «Wouldn't It Be Nice» (Brian Wilson/Tony Asher/Love) 1:53
3. «Sloop John B» (Trad./Arr. Brian Wilson) 2:30
4. «California Girls»   2:19
5. «Do It Again»   2:47
6. «Wake The World» (Brian Wilson/Al Jardine) 2:26
Side to
# Tittel Solovokal Lengd
7. «Aren't You Glad»     3:09
8. «Bluebirds over the Mountain» (Ersel Hickey)   2:53
9. «Their Hearts Were Full Of Spring» (Bobby Troup)   2:49
10. «Good Vibrations»     4:36
11. «God Only Knows» (Brian Wilson/Asher)   3:27
12. «Barbara Ann» (Fred Fassert)   2:32

Kjelder[endre | endre wikiteksten]