Livet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå liv.
Plankton (Hyperia macrocephala) er eit døme på liv.
Lav på eit tre.

Livet kan visa til tidsrommet frå ein organisme oppstår til han døyr, til dømes livet til eitt enkelt menneske. Ordet kan også visa til alt som nokon gong har levd på jorda. Det er vanskeleg å finna ein definisjon på livet som omfattar alt liv og stenger ute alt anna. I staden er det vanleg å skildra det livet me kjenner. Det livet me kjenner til finst på jorda og er hovudsakleg bygd opp av karbon og vatn med arvestoff organisert i genar. Det blir også spekulert i om det kan finnast andre former for liv, til dømes utanomjordisk, kunstig eller syntetisk liv.

Levande organismar skil seg gjerne frå ikkje-levande ved at dei har stoffskifte, kan veksa, formeira seg, halda det indre miljøet sitt konstant og etterkvart tilpassa seg miljøet dei er i gjennom evolusjon. Slike organismar er organiserte einingar avgrensa frå omverda som ofte kan reagera på stimuli, verna seg mot åtak og, blant meir innvikla typar, kommunisera.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Det norske ordet «liv» stammar frå norrønt líf. I mange høve bruker ein det greske ordet for liv, bio, som i biologi, læra om korleis livet verker, biografi, soga om eit liv, biosfæren om den delen av atmosfæren som inneheld liv, og biota om alle levande organismar i eit miljø. Det latinske ordet for liv, vita, blir også brukt i omgrep som vital, vitalisere, vitamin, i curriculum vitae ('livsløp') eller for seg med tydinga 'livssoge'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Livet
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.