Living Doll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Living Doll»
Singel av Cliff Richard and the Drifters
B-side «Apron Strings»
Utgjeve Juli 1959
Innspelt 28. april 1959, Abbey Road, London
Sjanger Pop
Lengd 2:35
Selskap Columbia 45-DB4306
Låtskrivar(ar) Lionel Bart
Produsent Norrie Paramor
Cliff Richard and the Drifters-kronologi
«Mean Streak»
(1959)
«Living Doll» «Travellin' Light»
(1959)

«Living Doll» er ein popsong av Cliff Richard og the Shadows (då heitande The Drifters).

Songen er skriven av Lionel Bart og vart spelt inn i 1959 av Cliff Richard og the Drifters med Norrie Paramor som produsent. Han gjekk til topps i Storbritannia og Noreg. I Noreg låg han 23 veker på Topp 10, 10 av dei på førsteplassen. Songen vann ein Ivor Novello Award for beste song. SOngen var den første singelen til Richard som nådde gjekk inn på den amerikanske singellista, der han nådde 30. plass. Songen vart nytta i filmen Serious Charge.

Artistar som spelar på songen er Cliff Richard (vokal), Hank Marvin (gitar), Bruce Welch (gitar), Jet Harris (bass) og Tony Meehan (trommer).

27 år seinare, i 1986 spelte The Young Ones inn ein komisk versjon av «Living Doll» i lag med Cliff Richard for veldedigheitsorganisasjonen Comic Relief. Denne utgåva toppa den britiske singel lista i tre veker frå mars 1986. Shadows-gitarist Hank Marvin kom i saman med Richard på denne innspelinga for første gong sidan 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]