Living Loving Maid (She's Just a Woman)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Living Loving Maid (She's Just A Woman)
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin II
A-side «Whole Lotta Love»
Utgjeve 22. oktober 1969
Innspelt Mai 1969, Olympic Studios, London
Sjanger Hardrock
Lengd 2:39
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Page, Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi
«Good Times Bad Times» / «Communication Breakdown»
(1969)
Living Loving Maid (She's Just A Woman) «Immigrant Song» / «Hey Hey What Can I Do»
(1970)

«Living Loving Maid (She's Just a Woman)» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet deira Led Zeppelin II i 1969. Han vart òg gjeven ut som B-side til singelen «Whole Lotta Love». Songen handlar om ein groupie som plaga bandet tidleg i karrieren deira.[1] På den originale britiske trykkinga av Led Zeppelin II hadde songen tittelen –Living Loving Wreck (She's a Woman), der «Wreck» vart erstatta med «Maid» i USA og seinare utgjevingar.

Det vert ofte sagt at dette er gitarist Jimmy Page sin minst likte Led Zeppelin-låt, og han vart derfor aldri spelt på konsertar,[1] delvis fordi songen vart skriven for å fylle albumet med nok songar, og fordi den dåverande kjærasten til Jimmy Page, Charlotte Martin, fann han støytande. Sjølv om songen aldri vart spela, var det ein enkelt gong i Düsseldorf der ein kort bit av songen vart spela rett etter songen «Heartbreaker» den 12. mars 1970.[1] Det er òg ein av få Led Zeppelin-songar der Page song korvokal. Songaren Robert Plant likte derimot songen og tok til å spele han på soloturneen sin i 1990.

Songen vert ofte spela rett etter songen «Heartbreaker» på radio, sidan dei glir direkte over i kvarandre.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.