Livnosletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Livnosletta

Livnosletta (Livanjsko polje) er ei karstslette omringa av høge fjell i Bosnia-Hercegovina. Buško Blato ligg i søraust og Ždralovac i nordvest. Ždralovac er ein smal korridor der Livnosletta er forbunde med Grahovosletta mellom fjella Dinara og Šator.

Sletta ligg sørvest i Bosnia-Hercegovina og mellom dei karstiske fjella Dinara og Kamešnica i sør, Tušnica i aust, Cincar og Golije i nord, og Šator og Staretina i vest.

Sletta har eit areal på 405 km², og er i snitt 6 km brei. Ho ligg om lag 720 meter over havet. I den yngre steinalderen (neolittisk tid) var sletta under vatn. I dag er det fleire innsjøar på sletta, der Buško Blato er den største. Brežinsko jezero er ein annan innsjø som ligg nordvest på sletta. Då vasskraftverket Orlovac vart bygd på 1960-talet vart klimaet i reginone Livno endra. Lange og kalde vintrar med mykje snø og den karakteristiske Boravinden, vart bytta ut med regnfulle vintrar og lange, varme somrar.

Det renn fleire elvar over Livnosletta, som alle renn ut i Adriatarhavet. Dei største av desse er Sturba, Bistrica, Brina, Plovuča, Jaruga og Ričina, som er rik på fisk og krabbe. Den største byen på sletta er sjølve Livno, som har gjeve namn til sletta. Byen Livno har om lag 12 000 innbyggjarar, og ligg i den nordaustlege delen av sletta, ved sida av fjellet Bašajkovac. Av andre landsbyar finn ein Guber, Grborezi, Podhum, Prolog, Čuklić, Zabrišće, Bila, Čelebić, Lusnić, Strupnić, Kovačić, Vrbica og Bojmunte.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]